STRAUMBROT: Hydro og resten av Øvre Årdal mista straumen rundt 20.00 onsdag kveld. Slik såg det ut utanfor porten rundt 21.00. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
STRAUMBROT: Hydro og resten av Øvre Årdal mista straumen rundt 20.00 onsdag kveld. Slik såg det ut utanfor porten rundt 21.00. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Difor var straumen vekke i over ein time

Øvre Årdal var i svart i litt over ein time.

Årdal:Rundt 20.00 forsvann straumen i heile Øvre Årdal, inkludert på Hydro, men drøye ein time og tjue minutt etter var det lys i husa att. 

– No har me fått att straumen på Hydro og jobbar med å kople inn att anlegget, er verkssjef Wenche Eldegard si korte melding til Porten.no. 

Statnett med vedlikehald

Informasjonsansvarleg i Hydro Årdal, Odd Steinar Natvik, forklarar djupare ein time seinare kva som var årsaka til utfallet.

– Det som skjedde var at Statnett kopla inn ei linje for vedlikehald. Då oppstod det ein feil som slo ut anlegget vårt, forklarar han til Porten.no.

– No er straumen tilbake, og me er i gong med å køyre opp att straumen på anlegget.

Tilbakemeldingar frå innbyggjarar på Årdalstangen tyder på at dei har hatt straum heile tida.

Ikkje like dramatisk

Tilbake i januar forsvann straumen også i lang tid. Då gjekk det fleire timar før straumen var tilbake etter at uvêret Tor blas ned ei kraftlinje mellom Skagen og Herva kraftstasjon. Dette førte til kortslutning i ein brytar i koplingsanlegget på fabrikken i Årdal, som igjen forårsaka straumutfallet.

Den gongen var straumen vekke i nesten fire timar, noko som er heilt på grensa for ein aluminiumsfabrikk.

Onsdag kveld var det ikkje like dramatisk, fortel Natvik.

– Det var ein heilt annan situasjon i kveld enn sist. Denne var meir handterbar, seier han. 

Til toppen