AGNITIO: Hjelle og Hermansen i det nye lokalet til Agnitio.
AGNITIO: Hjelle og Hermansen i det nye lokalet til Agnitio. (Foto: Synne Asheim Haga )

Difor vel Os kommune Agnitio i Årdal framanfor andre bedrifter

Sven Hermansen og Eva Skeie Hjelle har teke turen frå Os til Årdal for å delta på seminar.

Årdal: – Agnitio har levert i mange år på mange ulike område. Me er her fordi me er veldig nøgde med dei, seier Sven Hermansen.

Saman med mange andre var han invitert til seminar om digitale trendar, truslar, og IT-sikkerheit i Årdal på onsdag.

Jobbar med sikkerheit

Til dagleg jobbar Hermansen i IT-bransjen i Os kommune, og fortel at dei har eit langt forhold tilbake i tid med Agnitio. 

– Me pleier alltid å reisa til Årdal på seminar for å bli oppdatert på det siste som skjer. I IT-bransjen skjer det ting heile tida, og det er greitt å få ein oppdatering på dette området sidan eg jobbar med sikkerheit, seier Hermansen.

– Me kjenner dei i Agnitio godt 

Han er klar på kvifor Os kommune har valgt å bruka Agnitio framanfor andre selskap.

– Agnitio er eit selskap der me kjenner folka, og så er det eit passeleg stort selskap. Me kunne brukt store konsern, men der skiftar dei ofte ut folk heile tida. Me likar å forhalde oss til dei me har kjent ei stund, det er veldig viktig for oss, seier Hermansen.

Han seier det alltid er nokre små tips å plukka med seg på seminar i Årdal.

– Eg er jo i ein bransje der det skjer ting heile tida, så det er fint å få med seg det siste.

Glad for å læra nytt om sikkerheit og passord

Han er på seminar saman med Eva Skeie Hjelle, òg frå Os. Ho er på seminar i Årdal for niande gong.

– Eg er her for å vera med på det årlege seminaret, og læra nye ting innan utviklinga som skjer på området vårt.

Ho er nøgd med å plukka opp nye ting på seminaret.

– Eg blei veldig glad for å plukka opp ein del ting innanfor sikkerheit og passord. Det har endra seg, og no fekk me beskjed om å skriva ned passordet. Endeleg blei det lov igjen, seier ho og ler. 

Dette er informasjon ho tek med vidare til sine kundar.

– Å gje frå seg brukarnamn og passord er mangel på forståelse og kunnskap. Mangel på sikkerheit er den største trusselen i kvardagen, så sikkerheit er viktig, seier Hjelle.

Til toppen