GRUNDIG UTGREIING: Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) meiner Statens vegvesens rapport frå i fjor var meir «overordna» og at det må ei grundigare utgreiing til før regjeringa kan bestemme seg for om dei vil gå for Hardangervidda eller Hemsedalsfjellet som hovudveg nummer to mellom aust og vest. Foto: Flickr/Samferdsledepartementet.
GRUNDIG UTGREIING: Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) meiner Statens vegvesens rapport frå i fjor var meir «overordna» og at det må ei grundigare utgreiing til før regjeringa kan bestemme seg for om dei vil gå for Hardangervidda eller Hemsedalsfjellet som hovudveg nummer to mellom aust og vest. Foto: Flickr/Samferdsledepartementet.

Difor vil samferdsleministeren ha meir tid for val av hovudveg

Ketil Solvik-Olsen (Frp) forklarar Liv Signe Navarsete (Sp) kvifor han vil ha ei grundigare utgreiing før valet av hovudveg.

Lærdal: Før jul bestemte samferdsledepartementet seg for at E134 Haukeli skal vera ein av to hovudvegar mellom aust og vest.

Kva som blir hovudveg nummer to av Hardangervidda og Hemsedalsfjellet derimot, er det framleis inga klarheit i, noko forkjemparane for sistnemnde uttrykte sin skuffelse over. Det fekk Liv Signe Navarsete til å skrive brev til ministeren og stille følgjande spørsmål:

– Kva kriteriar vert lagde til grunn for den nye konsekvensutgreiinga for vegalternativa rv 52 Hemsedalsfjellet og rv 7 Hardangervidda, og kva kriteriar er eventuelt endra, lagde til eller tekne bort i høve Statens vegvesen si aust-vest-utgreiing som vart lagt fram på høgfjellskonferansen på Gol 26. oktober 2015?

Treng grundigare utgreiing

Tysdag kom svaret frå samferdsleministeren, som seier regjeringa treng tid før dei kan bestemme seg for om Hardangervidda eller Hemsedalsfjellet er det beste alternativet.

– Før regjeringa tek stilling til kva samband som skal vere det andre prioriterte, er det behov for ei grundigare utgreiing av alternativa rv 7 over Hardangervidda og rv 52 over Hemsedal. Difor gir me Statens vegvesen i oppdrag å gjennomføre ein KVU (konsekvensutgreiing) for dei to alternativa mellom Gol og Voss, skriv Solvik-Olsen i svaret sitt.

STILTE SPØRSMÅL: Liv Signe Navarsete stilte spørsmål om kvifor regjeringa treng meir tid for å bestemme seg for hovudveg mellom aust og vest.
STILTE SPØRSMÅL: Liv Signe Navarsete stilte spørsmål om kvifor regjeringa treng meir tid for å bestemme seg for hovudveg mellom aust og vest.

Vegvesenets rapport ikkje grundig nok

For snart eit år sidan la Statens vegvesen fram sin rapport der dei peika på at riksveg 52 og E134 burde vera hovudtraseane mellom Oslo og Bergen, men denne rapporten var på eit «overordna nivå», meiner ministeren.

– Ved å gjennomføre ein KVU blir det mogleg for Statens vegvesen å vurdere konsekvensane av dei to alternativa meir grundig enn i tidlegare utgreiing. Til dømes kan alternative løysingar analyserast grundigare med tanke på nytte og kostnader og andre verknader som er viktige for samfunnet.

– Samferdsledepartementet vil om kort tid oversende eit oppdragsbrev til Vegvesenet. I hovudsak vil KVU-arbeidet byggje på dei same måla og kriteria som er lagt til grunn i Statens vegvesen si aust-vest-utgreiing.

Ein veg mellom aust og vest

På begge sider av fjellet pågår no ein intens kamp om å påverke sentrale styresmakter til å velge sitt alternativ. I brevet til Solvik-Olsen, presiserer Navarsete at dette skal vera vegar mellom Austlandet og Vestlandet, ikkje mellom to byar.

– Det er svært viktig for Vestlandet at ein held fast på grunnlaget for den førre utgreiinga om at dei utpeika hovudvegane skal vere vegar mellom Austlandet og Vestlandet (ikkje berre Oslo-Bergen), og ei tydeleg vektlegging av samfunnsnytte sett i dette breie perspektivet.

– Dei to fjellovergangane tener dels ulike og dels overlappande regionar. Medan Lærdalstunnelen har gjort det enkelt for næringstransportar og anna trafikk å krysse fjellet via E16 eller rv 52, vil dei fleste sjå det som ein håplaus omveg dersom trafikken frå Sunnmøre og Sogn og Fjordane skulle ta vegen til Voss og vidare austover via rv 7 Hardangervidda, skriv den tidlegare samferdsleministeren. 

Til toppen