BOMBENEDSLAG: Mistillitsforslaget frå Høgre kom heilt utan forvarsel og det vart ei merkeleg stemning i minutta som følgte. Einar Vatlestad (til venstre) meiner alvoret i skatterotet gjorde det naudsynt å gå til eit slikt steg.
BOMBENEDSLAG: Mistillitsforslaget frå Høgre kom heilt utan forvarsel og det vart ei merkeleg stemning i minutta som følgte. Einar Vatlestad (til venstre) meiner alvoret i skatterotet gjorde det naudsynt å gå til eit slikt steg. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Difor ville dei vrake rådmannen

Høgre skapte sjokk i gårsdagens kommunestyre. Her er grunngjevinga for mistillitsforslaget.

Sogndal: Det vart dramatikk i kommunestyresalen i Sogndal i går, torsdag. For å starte med slutten: mistillitsforslaget vart ikkje støtta av andre enn Høgre sjølve og rådmann Jostein Aanestad er framleis den øvste administrative leiaren i kommunen. 

– Det kom brått på folk, det er drastisk og eg har full respekt for at kommunestyret ikkje vågar å gå med på forslaget vårt. Det er ikkje noko problem, seier Einar Vatlestad, som etter møtet forklarte kvifor dei heilt utan forvarsel prøvde å få rådmannen vraka.

Les også: Her stemmer dei over framtida til rådmannen

ALVORSTUNG: Etter mistillitsforslaget følgte nokre hektiske minutt på bakromma og i korridorane på kommunehuset. Ordførar Jarle Aarvoll gjekk frå møterom til møterom for å få overblikk over den kaotiske situasjonen. 
ALVORSTUNG: Etter mistillitsforslaget følgte nokre hektiske minutt på bakromma og i korridorane på kommunehuset. Ordførar Jarle Aarvoll gjekk frå møterom til møterom for å få overblikk over den kaotiske situasjonen. 

Krevde svar

Opposisjonen, med Høgre i spissen, hadde førebudd ei lang liste med spørsmål til gårsdagens kommunestyremøte. Dei ønskte å vite ei rekkje detaljar kring skatterotet som har irritert innbyggjarane og ført til ein klagestorm mot kommunen dei to siste åra.

Ifølgje NRK førte nytakseringa i 2015 til ei mangedobling av eigedomsskatten for mange, og vel halvparten av dei som fekk ny takst klaga.

FÅ HENDER: Då kommunestyret skulle stemme over mistillitsforslaget til var Høgre sine fire representantar dei einaste som stemte for.
FÅ HENDER: Då kommunestyret skulle stemme over mistillitsforslaget til var Høgre sine fire representantar dei einaste som stemte for.

Både ordførar Jarle Aarvoll og rådmann Jostein Aanestad tok seg god tid i sine utgreiingar, men det var tydelegvis ikkje godt nok. For då gruppeleiar Karin Vikane i Høgre gjekk på talarstolen reiste ho mistillitsforslag mot rådmannen. Og etterlet eit lettare sjokkskada kommunestyre.

Partikollega Einare Vatlestad meiner alvorsgrada i saka gjorde det rett å gå til eit såpass drastisk steg.

– Dei svara me fekk i dag, som forøvrig er dei beste me har fått nokosinne i denne saka, viste at rådmannen har gjort ting som han ikkje har fullmakt til. Å gå utover sine fullmakter, det er det mest alvorlege ein rådmann kan gjera, seier Vatlestad.

Her er det han viser til:

Meiner rådmannen gjekk utover fullmakta

I samband med innføringa av den nye eigedomsskatten i 2015 fekk ei like fersk sakkunnig nemnd, vald av kommunestyret, ansvaret for å utforme anbodet. Høgre meiner rådmannen tok saka i eigne hender og at både retningslinjene vart utforma og takstfirma engasjert før den sakkunnige nemnda i det heile tatt vart vald, noko rådmannen forøvrig nektar for.

– Det er berre å sjå på datoane. Ei sakkunnig nemnd kan ikkje lage retningslinjer før dei er valde, seier Vatlestad.

– For vanlege folk kan dette høyrest ut som formalitetar: nokre vedtekter her og nokre retningslinjer der. Kva gjer saka så alvorleg, i dykkar auge?

– Det er skatt det dreiar seg om, pengar som eg og du skal betala. Og då skal me vita at det er fatta på rett grunnlag og at det ligg ei forsvarleg politisk handsaming bak den summen dei har kome fram til, seier Vatlestad.

Rådmannen er glad for støtta

Rådmann Jostein Aanestad vedgår at dei kunne ha gjort ein del ting anleis, mellom vart det rota med den første innkallinga av den nye nemnda, noko som burde ha ført til innkalling av nytt møte.

Men han avviser at han som rådmann har gått utover sine fullmakter i saka.

SVAR SKULDIG: Både ordføraren og rådmann Jostein Aanestad (til høgre) måtte svare for seg om skatterotet. Men ingen av dei såg mistillitsforslaget komme. 
SVAR SKULDIG: Både ordføraren og rådmann Jostein Aanestad (til høgre) måtte svare for seg om skatterotet. Men ingen av dei såg mistillitsforslaget komme. 

– Det er ikkje administrasjonen som har endra retningslinjene, for det har ikkje administrasjonen noko med å gjera. Det er sakkunnig nemnd som vedtek retningslinjene, seier han.

Han seier òg at dei burde ha sørga for meir informasjon til innbyggjarane om nytakseringa og ei betre overføring av kompetanse frå gamal til ny nemd.

Rådmannen stadfester at han vart overraska over mistillitsforslaget, men seier det er opp til representantane å fremme slike forslag om dei ønskjer det. 

– Eg vil ikkje leggje meg opp i ordskiftet i kommunestyret, men konstanterer at tjueèin representantar har tillit til rådmannen og det set eg pris på, seier han.

Til toppen