Årdal/Aurland: Leiv Jarle Bergheim (Ap) ifrå Aurland er klar på at det vil vera til gagn for kommunen hans å samarbeida nordaustover med naboane Lærdal og Årdal.
– Me er tre små kommunar, og me er nøydde til å trekkja saman på ein del område for å få det til å gå i hop, seier Bergheim.
– Kvifor det?

– Det vert pålagt kommunane å ta over fleir og fleir oppgåver frå staten. Åleine har me ikkje ein sjanse til å løysa desse oppgåvene.
I høve den nye brann- og beredskapsforskrifta som kjem i vår, vert Aurland kommune pålagd å ha 3,2 stillingar innan brannvesenet.
Det er langt fleire faste stillingar innan brannvesen enn Aurland har i dag.
– Det vert kostbart. Difor er brannberedskap noko me vil ha inn i samarbeidet. Det er døme på noko overordna som det er fantastisk godt å samarbeida om oss kommunane i mellom, seier Bergheim.
Andre ting Bergheim ser føre seg at det vert nyttig å samarbeida om, går på teknisk etat, plan og bygg.
– Her òg er me for små åleine, seier Bergheim.
Han trur ikkje det betyr noko kvar den teknisk fagkunnige oppheld seg når det til dømes skal gjevast eit byggjeløyve. Det viktigaste er at den fagkunnige er kompetent. Og når tre kommunar går saman kan det verta lettare og billigare å få tak i den ynskte arbeidskrafta, trur Bergheim.
Les også: – Desse to tinga gler ordføraren seg til å samarbeida med naboane om.
Greitt for Aurland å halda fram som eigen kommune
I samband med lanseringa av regjeringa si kommunereform hadde aurlendingane eit kort sonderingsmøte med Lærdal og Årdal der samanslåing vart diskutert. Interessa for dette var laber. Derimot var det seriøse samtalar med Vik og Voss.
– Men me såg ikkje kva det var å vinna på å slå oss saman med andre når me klarar oss fint utan, seier Bergheim.
I ettertida fekk Aurland «skulda for» at draumen om ein slik storkommune saman med Voss og Vik brast.
– Me hadde eit folkemøte i Aurland om denne moglege samanslåinga, og det var stor skepsis. Og då me heldt folkerøystinga, var det heile 84% av folket som avviste samanslåinga, fortel Bergheim.
Han er i dag personleg i mot å slå seg saman med andre kommunar når det ikkje vart ei råd med å få slått seg saman med Voss og Vik.
Difor ynskjer Heen samarbeid, men ikkje samanslåing
Noko av det Aleksander Øren Heen (Sp) framheldt frå talarstolen i det felles formannskapsmøtet mellom dei tre kommunane, var at dei kan samarbeida om å driva meir effektivt. Han ynskjer å sjå samarbeid innan overordna ting i administrasjonen, som til dømes rekneskap og branntilsyn.
Likevel vil han at dei tre kommunane skal halda fram med å eksistera kvar for seg. Han seier det handlar om å oppretthalda den politiske styringa lokalt.
– Dei brukarnære tenesten må liggja nært folk. Dei ligg fast som primæroppgåver som kommunanen skal ha hand om.
– Kvifor ikkje også administrera primæroppgåvene i fellesskap, og slå seg saman med dei andre kommunane?
– Me i Senterpartiet synest me er best tente med å ha styringa over økonomi og tenestetilbod lokalt. Me meiner det er bra at denne styringa ligg nærast mogleg dei det gjeld, seier Heen.
– Kvifor det?
– Me trur at dess nærare ein er der det gjeld, dess betre vert beslutningane ein tek. Me ynskjer at Årdal skal halda fram som eigen kommune og ha styringa lokalt. At me bestemmer kva for barnehagar og skular me skal ha, at me har hand om dette sjølve, seier Heen.
Han legg òg til at Årdal har store inntekter, og at han trur det er best at ein frå Årdal styrer dei inntektene sjølv.