DIGITAL ETIKETT: Digital Etikett feira 10-årsjubileum og dagleg leiar, Kjetil Hovland feira 50-årsjubileum.
DIGITAL ETIKETT: Digital Etikett feira 10-årsjubileum og dagleg leiar, Kjetil Hovland feira 50-årsjubileum.

Digital Etikett feira 10 år: – Det har vore eit eventyr

Det seier dagleg leiar, Kjetil Hovland.

Luster: I 2007 solgte Kjetil Hovland alt han eigde i Oslo, og tok med familien heim til Luster. Ein forretningsidé hadde forma seg i hovudet hans. Denne ideen skulle syne seg å bli litt av ein suksesshistorie. 

– Etter eg hadde solgt alt i Oslo hadde eg bra med peng til å investera i ei stor trykkmaskin. Den sette eg i ein garasje på Energiverket, fortel Hovland.

Ein garasje blei til ein fabrikk

Han minnast at folk rista på hovudet over det han gjorde. Maskina kosta 5 millionar kroner, men Hovland visste kva han gjorde.

– Deretter køyrde eg land og strand i ein gammal bil, og solgte meg inn i heile landet. Produksjonen i garasjen blei sett i gong, og på tre år blei ein garasje til fire. 

I 2014 bygde han fabrikk til verksemda si i Gaupne. 

– Den opna i 2015, og frå 2007 til no har det berre gått oppover.

Det har vore eit eventyr, og eg må fortsatt klype meg i armen. 

Kjetil Hovland

10-årsjubileum

DØME: Kjetil Hovland (til venstre) syner fram den nye maskina på Digital Etikett. Foto: Olav Grov

I helga feira han 10 år med Digital Etikett. Ei feiring som blei markert saman med 350 andre, både familie, vener, tilsette, kundar, og veners vener. 

– Eg klaup meg i armen heile helga òg. Det var ei veldig vellukka helg. 

Då det heile skulle feirast, i tillegg til Hovland sine 50 år, slo han på stortromma. 

– Fredag starta me med ein seanse rundt den nye maskina på fabrikken. Den er den fyrste av sitt slag i landet, så der hadde me ein liten demo. Etterpå heldt Rasmus Mo eit føredrag, og intervjua både kundar og tilsette frå scena. 

TILSETTE: Kjetil Hovland på scena saman med sine tilsette. Foto: Olav Grov

Heile tida var jubileet prega av lokale produsentar som bydde på både alkohol, kaffi, saft, og mat. 

– Lerum selde vafler, Kroken Frukt og Bær kom med saft, Sognefjord Kaffebrenneri laga kaffe til dei som ikkje drakk alkohol, og Ellevilt serverte heilt nydeleg mat til folk. 

Konsert med Skambankt 

Gøran Sjølie, som er tilsett i verksemda, avslutta den faglege delen med song og gitarspel.

KONSERT: Musikk frå Skambankt. Foto: Olav Grov

– Då trur eg faktisk alle sat med blanke auge, han er så flink, fortel Hovland.

Etterpå blei det livleg i lokalet, då bandet Skambankt opptredde. Frontfigur i bandet, Terje Røthing, er sjølv tilsett i verksemda til Hovland. 

– Dei spelte på opninga i 2015 òg, så det var flott at dei ville koma attende. Eg og fleire i verksemda har stor sans for dei. Under konserten bar lyden godt, og eg trur musikken spreidde seg til nabobygdene rundt, seier Hovland og ler. 

Avslutta feiringa på Skjolden Hotell 

Laurdagen tok Hovland med seg rundt 40 stykk til Skjolden Hotell, og fortsatte litt av feiringa der. 

JUBILEUM: Eigne etikettar på lokal øl. Foto: Privat

– Det var ein blanding av business og pleasure den kvelden. Eg har fått eit tett forhold til både kundar og leverandørar, så det var kjekt å ha med dei på denne kvelden òg. 

Han fortel at han endå ikkje har landa etter den store helga fylt med jubileum og glede. 

– Eg starta denne verksemda aleina. På fredag stod 15 tilsette på scena. Då blir det nesten litt tårevått, men eg greidde å holda meg, seier han og ler.

– Men det er moro då, det eg driv med. Eg blir driven av at folk har det kjekt. Så lenge kundane har det kjekt, har eg det kjekt. Den stadfestinga fekk eg på fredag. Då såg eg at folk treivst i lag, seier Hovland. 

Til toppen