MØTE: Torsdag er det møte i fellesnemnda for samanslåinga av fylka Hordaland og Sogn og Fjordane.
Video
MØTE: Torsdag er det møte i fellesnemnda for samanslåinga av fylka Hordaland og Sogn og Fjordane. (Bilde: Birthe Johanne Fredheim Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune)
Video

Sjå møtet til samanslåingsutvalet

Strategisk utviklingsplan, opplæringstilbodet 2019 og 2020 og kostnader av samanslåing er blant temaa på dagsorden.

Leikanger: Torsdag er det møte i fellesnemnda for samanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane. Dagen startar med diverse føredrag og ein status for arbeidet med å få på plass eit fylkesvåpen for Vestland fylkeskommune.

Om tidsskjemaet held, skal den politiske handsaminga av sakene starta klokka 13.00.

Blant dei sentrale sakene dei dei skal landa er den politiske organiseringa av den nye fylkeskommunen. Andre saker er val av sekretariatsordning for kontrollutvalet, val av revisjonsordning, dei skal diskutera ein strategisk utviklingsplan og opplæringstilbodet 2019 og 2020, og dei skal få ei oppdatering på kva samanslåinga vil kosta.

Klokka 15.00 skal det etter planen vera ein open debatt, der politikarane kan drøfta dei sakene dei ønskjer.

Til toppen