Leikanger: – Det er me veldig glade for. Det var godt jobba frå alle i fylkestinget, no får me ein gang- og sykkelveg som er trygg, seier Hilmar Høl (Ap).
På møtet i dag bestemte fylkespolitikarane seg for å byggja gang- og sykkelveg til Seimsdalstunnelen i samband med opprustinga av den same tunnelen.

Politikarane hadde allereie løyvd 271 millionar kroner til å oppgradera og utvida tunnelen, inkludert ein to meter brei gang- og sykkelveg.
I dag var det den 500 meter lange vegstubben frå tunnelen og til Årebru i Seimsdalen det står om.
Statens vegvesen hadde sett på tre aktuelle løysingar. Ein gang- og sykkelveg til 21,5 millionar kroner, eit fortau til 21,5 millionar, og vegskulder utvida til 1,5 meter på begge sider til 19 millionar.
Fylkesrådmannen gjekk for den billigaste varianten. Då fylkestutvalet fekk saka på bordet låg det ved eit brev frå formannskapet i Årdal med ønskje om gang- og sykkelveg.
Arbeidarpartiet løfta ønsket frå kommunen som endringsframlegg, og fekk gjennomslag både i fylkesutvalet torsdag og fylkestinget fredag.
– For dei som bur i Seimsdalen og på Årdalstangen er dette viktig at me fekk på plass, seier Høl.