MR-MASKINA KAN VERA PÅ VEG: Får administrerande direktør i Helse Førde det som han vil, vert det lagt inn finansiering av MR-maskina for sjukehuset i Lærdal i Helse Førde sitt budsjett for 2018.
MR-MASKINA KAN VERA PÅ VEG: Får administrerande direktør i Helse Førde det som han vil, vert det lagt inn finansiering av MR-maskina for sjukehuset i Lærdal i Helse Førde sitt budsjett for 2018. (Arkiv)

Direktøren i Helse Førde går inn for at Lærdal sjukehus skal få MR-maskina i 2018

No er det opp til styret i Helse Førde å gjeva den endelege godkjenninga, slik at dei naudsynte midlane vert løyvde.

Førde/Lærdal: I ettermiddag fredag har den konstituerte administrerande direktøren i Helse Førde, Børge Tvedt, kome med sitt budsjettframlegg for 2018. Her ligg MR-maskina i Lærdal inne med 8,9 millionar kroner for år 2018. 

Finansieringa av MR-maskina er dimed hovudsatsinga i direktøren sitt budsjettframlegg, i tillegg til oppgraderinga av bygningsmassen til Førde sjukehus. Påbyggingsarbeida ved Lærdal sjukehus skal kunna starta i februar, og dei fyrste pasientane kan få testa maskina i september, går det fram av pressemeldinga. 

– Ei MR-maskin på sjukehuset i Lærdal vil vera ei positiv og viktig investering, og vil gje auka kapasitet på MR i regionen. Folk slepp å reisa so mykje og det er positivt, seier Tvedt til Porten.no.

Han legg vekt på innsatsen som har vorte lagt ned i Indre Sogn for å få på plass maskina: 

– Me meiner det er viktig å fylgja opp det som einskildpersonar, næringsliv, og kommunane i Indre Sogn har lagt ned ein stor innsats i få på plass, seier han.

– Har pengeinnsamlingsinnsatsen i Indre Sogn vore ein avgjerande faktor?

 – Innsatsen med å samla inn pengar lokalt har heilt klart vore avgjerande for å få dette til, seier direktøren. 

15. desember vil styret i Helse Førde vedtaka framlegget til direktør Tvedt, eller eventuelt avvisa budsjettet heilt eller delvis.

Nøgd leiar ved Lærdal sjukehus

— Eg er veldig glad for at direktøren går inn for finansiering av MR-maskina i sitt framlegg. Dette er veldig viktig for Lærdal sjukehus og for innbyggjarane i Sogn, seier stadleg leiar ved Lærdal sjukehus, Margun Thue.

Ho poengterer at det er lange ventelister på MR-undersøkingar i det offentlege her til lands. 
Vidare seier ho at i motsett fall, om ei MR-maskin ikkje skulle koma på plass, vil mange verta nøydde til å fara langt til andre sjukehus, og kanskje òg måtte søkja seg til private helseføretak for å verta undersøkte.

—Me er glade for det administrerande vedtaket i dag, og vonar at styret sluttar seg til, seier Thue.

Totalt har det vore samla inn 10,05 millionar kroner lokalt. Maskina kostar 11,85 millionar kroner. I og med at sjukehuset lyt byggjast på for at maskina skal få plass, vert dei samla kostnadene med å få MR-maskin til Lærdal sjukehus på 18,9 millionar kroner.

Administrerande direktør gjekk altso inn for i sitt budsjettframlegg at Helse Førde skal finansiera dei 8,85 millionar kronene som har mangla på å få maskina på plass. 

Til toppen