MERITTERT ENGELSKMANN: Sumaren 2015 flytte engelskmannen Ben Hirons frå Skottland til Noreg for å spela i brassbandet Eikanger-Bjørsvik Musikklag. Ikkje før han var vel stasjonert i Bergen, byrja han å dirigera Årdalstangen musikklag sitt brassband og øva med kulturskuleelevane og skulemusikkborna.
MERITTERT ENGELSKMANN: Sumaren 2015 flytte engelskmannen Ben Hirons frå Skottland til Noreg for å spela i brassbandet Eikanger-Bjørsvik Musikklag. Ikkje før han var vel stasjonert i Bergen, byrja han å dirigera Årdalstangen musikklag sitt brassband og øva med kulturskuleelevane og skulemusikkborna. (Bilde: Privat)

Dirigenten til Årdalstangen musikklag vann «VM i brassband»

Ein gong i veka er han dirigent i Årdal. Sundag var engelskmannen med å vinna den mest prestisjetunge brassbandturneringa i verda.

Ben Hirons

  • Fødd i Manchester. 
  • Før han kom til Bergen budde han i Skottland, der han spela trompet i Royal Scottish National Orchestra, BBC Scottish Symphony Orchestra og på den skotske operaen og balletten.
  • Sumaren 2015 kom han til Bergen for å verta med i Eikanger-Bjørsvik Musikklag. Ikkje lenge etterpå byrja han å koma til Årdalstangen fast kvar tysdag for å dirigera kulturskuleelevar og musikkorpsborn. I tillegg dirigerer han Årdalstangen Musikklag på kveldane. 

Årdal: – Det var berre fantastisk kjekt å høyra kva han og resten av Eikanger-Bjørsvik Musikklag har klart. Det er ei bragd, seier styreleiar og kornettspelar i Årdalstangen Musikklag, Kristin Horge.

Ho fortel at brassbandturneringa dirigenten deira Ben Hirons var med å vinna i England, er den mest prestisjetunge i heile verda. 

Medlemene i korpset gler seg på Hirons sine vegne og på vegne av heile Eikanger-Bjørsvik Musikklag, som dei samarbeider ein del med.

Horge er full av lovord om trompetisten sine fortenester som dirigent: 

– Han er ein flink og engasjert. Han motiverer oss til å øva mykje og han terpar skikkeleg med oss, seier ho.

GLEDAR SEG PÅ DIRIGENTEN SINE VEGNE: Kristin Horge og dei andre medlemene i Årdalstangen Musikklag tykte det var kjekt å få gratulera Ben Hirons med sigeren i Newcastle då dei møtte han på Årdalstangen tysdag.
GLEDAR SEG PÅ DIRIGENTEN SINE VEGNE: Kristin Horge og dei andre medlemene i Årdalstangen Musikklag tykte det var kjekt å få gratulera Ben Hirons med sigeren i Newcastle då dei møtte han på Årdalstangen tysdag.

Horge meiner Hirons har fått musikklaget til å heva seg fleire hakk sidan han kom inn som dirigent i forfjor.

– Han er flink til å få fram prestasjonar. Mange har kome opp på eit mykje høgare nivå etter at han kom. Han klarar å få augo på talentet i korpsmedlemene, og dyrka det fram, seier Horge. 

Jolekonsert i Årdal kyrkje

Ho kan fortelja at korpset, som er femti år i år, satsar meir enn nokon gong. Det forklarer òg den musikalske framgangen.

– Det vert ein flott jolekonsert me skal spela i kyrkja den 5. desember, seier ho.

Der skal òg musikkelevar frå kulturskulen få sleppa til med eit eige nummer.

Dirigenten sjølv, Ben Hirons, trur jolekonserten vert ei stor oppleving og gler seg til å dirigera i kyrkja. 

Dirigenten har godt sovehjarta

 – Det gjer godt for meg å dirigera dei og det er so fin stemning på øvingane, seier han om tysdagskveldane med musikklaget på Årdalstangen.

Eikanger-Bjørsvik Musikklag

  • I 2017 vann dei desse titlane: Siddis Brass, NM i Brass, EM i Brass og Brass in Concert Championships (vert rekna for å vera verdas mest prestisjetunge konsertturnering for brassband)
  • Brassbandet held konsert i Bergen mest kvar månad.
  • Ben Hirons spelar trompet i bandet.
  • Bandet er ikkje til å verta blanda saman med brassbandet Manger Musikklag. Men Eikanger-Bjørsvik Musikklag og Manger Musikklag er båe brassband frå strilalandet nord for Bergen, og båe har vore blant dei aller beste brassbanda i verda i årevis.

Sjølv om han er vant med å spela på det høgste nivået på den internasjonale scena, tykkjer han det er ei fin utfordring å jobba med mindre meritterte utøvarar. 

 I Årdalstangen musikklag er det musikantar i ulike aldrar og dei har forskjellige dugleiksnivå. Det er so fint å sjå at dei alle spelar fint saman og vert meir og meir samspelte, seier Hirons.

Denne tysdagen rakk han berre so vidt innom Bergen på veg til Årdalstangen frå England. Sundagen vann altso han og dei andre musikarane i Eikanger-Bjørsvik Musikklag den gjeve fyrsteprisen i Brass in Concert Championships i Newcastle, framom 2000 tilskodarar. 

Etterpå feira dei sigeren med eit flott middagsmåltid og unnte seg litt ekstra øl på kvelden. Då han kom til Årdalstangen, venta gratulasjonane frå Årdalstangen Musikklag.

Til toppen