KLAR TIL DYST: Morten Johan Svendsen, avdelingsdirektør i Musea i Sogn og Fjordane, hadde sin første arbeidsdag i Lærdal kulturhus måndag denne veka. Foto: Ina Eirin Eliassen 
KLAR TIL DYST: Morten Johan Svendsen, avdelingsdirektør i Musea i Sogn og Fjordane, hadde sin første arbeidsdag i Lærdal kulturhus måndag denne veka. Foto: Ina Eirin Eliassen 

Diskar opp med kunst og laks

Dei første villaksentusiastane har alt funne vegen til Lærdal kulturhus. Berre denne veka har Norsk Villakssenter hatt besøk av folk frå alle kantar av verda. 

Det var lenge usikkert om Lærdal kulturhus i det heile teke kunne opne dørane for villaks- og kunstentusiastar denne sommaren. Leitinga etter ein drivar for alle aktivitetane i kulturhuset har drege ut, men Lærdal kommune landa til slutt på ei nødløysing for å sikre sommarens sesong. 

Les også: Går inn i forhandlingar med drivarar for kulturhuset

Kasta seg rundt

Avdelingsdirektør i Musea i Sogn og Fjordane, Morten Johan Svendsen, hadde tysdag sin andre arbeidsdag på Lærdal kulturhus. Det er Musea i Sogn og Fjordane som skal drifte Sogn kunstsenter, turistinformasjonen og Villakssenteret i Lærdal denne sesongen.

– Me har kasta oss rundt for at ikkje kunstsenteret skulle vera stengt i sommar. Det er viktig at det er fleire aktivitetar i kulturhuset og sa difor ja til å drifte turistinformasjon og Norsk Villakssenter i tillegg, seier Svendsen. 

Kulturhistorikaren Svendsen innrømmer at han ikkje er spesielt sterk i naturvitskap, men at det heller ikkje er Musea i Sogn og Fjordane som skal stå for det faglege i utstillingane til Villakssenteret. 

Har alt opna villakssenteret

– Om me fortsett med å drifta Villakssenteret også neste sesong, kan me nok bidra  med meir. Denne sesongen handlar det om å hauste erfaringar, så får me sjå korleis det blir. Det er viktig at det er ei god samordning mellom kunst og villaks. Det har ein ikkje fått til tidlegare år. Kanskje er me eitt steg nærare ei betre løysing no, seier han. 

Svendsen tykkjer også det er naturleg at turistinformasjonen skal ligge i kulturhuset. Det gir besøkande moglegheit til å få informasjon om kulturminne, turar og opplevingar i kommunen.   

– Me er ikkje fullt bemanna enno, då me skal ha fleire unge til å jobbe her i sommar. Villakssenteret har opna dørene og me har alt hatt brei dekning av nasjonalitetar. Både folk frå Japan, Australia, Frankrike, Tyskland, USA og Uruguay har alt teke turen til Villakssenteret, fortel Svendsen. 

Laurdag opnar Sogn kunstsenter dørene med utstillinga "Fellesrom", der kunstnarane Hans Gjesme og Jens Hauge har fanga landskapet i Lærdal med ulike auge. 

Les også: Same landskap sett med ulike auge

I tillegg blir det mogleg å reisa på kafébesøk, då Laksen Kafé opnar opp att med ny drivar.  

Les også: Gjenopplivar Laksen

Til toppen