DISKOTEK: Desse arrangerer diskotek til inntekt for Eshowe. Diskoteket skal vere på Årdal vidaregåande skule onsdag 11.mai. Foto: Kaja Nygård
DISKOTEK: Desse arrangerer diskotek til inntekt for Eshowe. Diskoteket skal vere på Årdal vidaregåande skule onsdag 11.mai. Foto: Kaja Nygård

Diskotek til inntekt for Eshowe

I 2015 gjekk Årdal vidaregåande skule inn i eit samarbeidsprosjekt med Barnehjelp Afrika. Prosjektet inneber at skulen tener inn peng, til blant anna å oppgradere ein skule i Eshowe. 

Årdal: Kvart år arrangerer alle klassane ved Årdal vidaregåande skule ulike arrangement, der inntekta skal gå til samarbeidsprosjektet med Barnehjelp Afrika.

Første og andre året ved linja service og samferdsel skal arrangere diskotek, der inntekta skal gå til dette prosjektet.

- Grunnen for at me valte å arrangere diskotek, er fordi me hadde ein stor suksess med det i fjor. Me tente ganske bra og me ynskjer å gjere det like bra i år, fortel Christian Rasmussen.

Diskoteket finn stad i kantina på Årdal vidaregåande skule onsdag 11.mai.

- Me vil ynskje 1-7.klasse ved både Tangen og Farnes skule velkomne til diskoteket, seier Anders Lereng.

Anna Rønning fortel at dei skal planleggje nokre leikar og konkurransar, slik at det skal bli kjekt for barna.

- I tillegg blir det sal av pizza og kaker, legg Lereng til.

Russen på diskotek

Andre året ved linja service og samferdsel er russ i år og skal vere til stades på diskoteket.

- Me håpar at fleire kjem då, sidan russane ofte er stas for dei minste. Det blir sjølvsagt utdeling av russekort, seier Rasmussen.

Rønning legg smilande til at det ikkje blir nokon vatnkrig på diskoteket, så det er ikkje høve for å ha med vatnflasker eller vannpistol.

- Dette skal vere ein fin kveld der både tangingar og øvringar kan kome saman.

Me håpar dette skal bli ein kjekk kveld for både barna og arrangørane, seier Lereng.

Samarbeidsprosjekt med Barnehjelp Afrika

Arrangørane synast samarbeidsprosjektet er bra, og ein fin måte å kunne gjere ein innsats for dei som treng det.

- Eg synast dette prosjektet er betre enn operasjon dagsverk, som skulen hadde tidlegare. Med dette prosjektet får me ei nærare tilknyting. Me kjenner til dei som bidreg med å byggje skular og heimar i Eshowe. Eg synast det er meir motiverande når ein høyrer om forandringane inntekta vår blir brukt til, fortel Rasmussen.

- Me håpar det kjem mange på diskoteket for å kose seg, samt støtte opp om eit bra prosjekt, avsluttar dei.  

Til toppen