REFORHANDLING: Årdal kommune har sagt opp avtalen om Sogn lokalmedisinsk senter og ønskjer reforhandling, men det kan bli vanskeleg å kutte kostnader med det første. Tysdag var rådmann Olve Fossedal og kommunalsjef Rigmor Svanberg på det siste møtet i styringsgruppa. I november legg dei fram sak for dei folkevalde i Årdal om korvidt kommunen skal halde fram medlemskapen. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 
REFORHANDLING: Årdal kommune har sagt opp avtalen om Sogn lokalmedisinsk senter og ønskjer reforhandling, men det kan bli vanskeleg å kutte kostnader med det første. Tysdag var rådmann Olve Fossedal og kommunalsjef Rigmor Svanberg på det siste møtet i styringsgruppa. I november legg dei fram sak for dei folkevalde i Årdal om korvidt kommunen skal halde fram medlemskapen. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 

Diskuterte framtida til Sogn lokalmedisinske senter

Årdal kommune har sagt opp avtalen og ønskjer å reforhandle, men det viser seg vanskeleg å drive meir kostnadseffektivt med det første.

Årdal: Tidlegare denne veka møttest styringsgruppa, som består av rådmennene i dei ulike sognekommunane, for å avslutte prosjektperioden og evaluere Sogn lokalmedisinske senter, som vart opna i mars 2015. 

Allereie for snart eit år sidan varsla Årdal kommune at dei kom til å seie opp avtalen, rett og slett fordi dei meinte dei betalar for mykje. 

– Me var spesielt ute etter kostnadsreduserande tiltak fordi me oppfatta at delar av ordninga var relativt kostbar fordi me er i stand til å handtere delar av det som ligg i pakken på eigen kjøl, seier rådmann i Årdal, Olve Fossedal. 

TRUR PÅ LØYSING: Rådmann i Lærdal, Alf Olsen jr., har trua på at ein vil kunne redusere kostnadene på lang sikt. Arkiv
TRUR PÅ LØYSING: Rådmann i Lærdal, Alf Olsen jr., har trua på at ein vil kunne redusere kostnadene på lang sikt. Arkiv

I dialog med Helse Førde

Det er leigekostnader og personalkostnader dette er knytt opp til, men det viser seg at ein neppe får gjort noko med dette på kort sikt. Rådmann i Lærdal, Alf Olsen jr., forklarar:

– Me er i ein dialog med Helse Førde for å få til meir rasjonell og kostnadseffektiv drift. Helse Førde er positive til å bidra, men kan ikkje seie noko konkret no fordi dei er midt i ein arealprosess der dei må sjå slike ting i samanheng. Det blir forsøkt å gjera noko med kostnadene på kort sikt, og eg er viss på at det mogleg på lang sikt. 

Sogn lokalmedisinske senter er eit samarbeid mellom sju kommunar i Indre Sogn og Helse Førde. Dei sju kommunane er Årdal, Lærdal, Aurland, Luster, Sogndal, Leikanger og Vik, men ikkje alle kommunane samarbeider om alt.

Når det gjeld legevaktordninga, er det berre Årdal, Lærdal og Aurland som nyttar seg av denne, medan dei same kommunane pluss Leikanger betalar for kommunale akutte døgnplassar (KAD). 

– Problematisk

Totalt betalar Årdal 4,16 millionar kroner for å ha dette tilbodet. Kostnadsfordelinga mellom kommunane varierer frå teneste til teneste, der ein viss prosentdel er likt fordelt, og resten er basert på folketal. Størst utgifter har kommunen på legevakttenesta (2,18 millionar kroner) og KAD-senger (1,08 millionar kroner). 

– Ein anna ting som er problematisk med dette er at det finst to typar avtalar mellom kommunane. Noko er kjøp av teneste, noko er etter vertskapsmodellen. Årdal er på den siste, men i og med at tre andre kommunar har avtalar som inneberer kjøp av tenester, er ikkje dei avtalane utgåande, så desse kommunane er ikkje vidare innstilt på å reforhandla vilkåra i avtalen, fortel Fossedal. 

Artikkelen held fram under biletet.

OPNA: Første nestleiar i Helse- og omsorgskomiteen på Stortinget, Kjersti Toppe (Sp), var invitert til den storstilte opninga i mars 2015. Arkiv
OPNA: Første nestleiar i Helse- og omsorgskomiteen på Stortinget, Kjersti Toppe (Sp), var invitert til den storstilte opninga i mars 2015. Arkiv

Legevakttelefonen baserer seg på kjøp av teneste og er noko alle sognekommunane nyttar seg av, medan for legevakt og KAD-senger er det ein vertskommuneavtale som Årdal er med i. 

– Fordelingsnøklane er avklara gjennom ein ganske lang forhandlingsprosess med tre ulike nøklar for dei ulike tenestene, som er tunge å gjere noko med. Det mest interessante her er kostnadsnivået. Alle har ein fellesinteresse av å redusere det. Me skulle ønskje me var komne lenger, men det er me ikkje, svarar Olsen jr. 

Årdal kunne løyst det sjølv

«Svært usikre tal», som det heiter i saksutgreiinga frå desember viser at Årdal kommune kunne løyst desse oppgåvene sjølv for 3,3 millionar kroner, men berre sidan i fjor har det kome krav som påverkar saka.

– Isolert sett kan me ivareta KAD-sengene her hjå oss, men det heng saman med legevakt fordi legane er ein del av tilsynet som må vere på plass. Biletet har endra seg, seier Fossedal, som forklarar at dersom vaktbelastninga på legane vert for stor, så kan det føra til oppseiingar. 

– Strategisk fornuftig å vere med i LMS

Olsen jr. meiner det vil vere strategisk fornuftig av kommunane å delta i LMS og viser mellom anna til at det vil bli fleire eldre i framtida og at Helse Førde driv med betydeleg utviklingsarbeid. Dessutan er kommunane pålagt å gi strakstilbod innan rus og psykiatri frå januar. 

Artikkelen held fram under biletet.

INSPEKSJON: Ordførarane i Årdal og Lærdal var med leiar for legevakta, Frode Myklebust, på inspeksjon av lokalmedisinsk senter. Arkiv
INSPEKSJON: Ordførarane i Årdal og Lærdal var med leiar for legevakta, Frode Myklebust, på inspeksjon av lokalmedisinsk senter. Arkiv

– Alternativet er å handtere det sjølv, og då snakkar me om kvalitet og møte framtidige endringar. Me ser at det er rom for å gi dette strakstilbodet innanfor ordninga me har utan at det kostar oss meir, seier han og legg ikkje skjul på at det vil få konsekvensar dersom Årdal trekk seg ut.

– Ja, det kan det ha. Eg skal ikkje forskuttere noko, men eg håpar det ikkje skjer. Og så er det opp til Årdal å bestemme dette, held han fram og legg til at det er viktig at alle kommunar i Sogn benyttar seg av tilbodet. 

Politisk handsaming i november

Allereie neste månad kjem det ei avgjerd i saka når rådmann legg ho fram for dei folkevalde. 

– Då skal me lage ei tilråding basert på røynda slik ho er. Då er det rimeleg å tru at det kan vere vanskeleg å handtere det som er det store utfordringa, nemleg legevakta, på eigen kjøl. Der er me nøydd til å samarbeide med andre kommunar for å ha tilstrekkeleg mange legar inn i vakt.

Til toppen