TREKKPLASTER: Stavkyrkja i Borgund er noko av det Disney lokkar med når dei inviterer turistar med på eksklusive turar til Norge.
TREKKPLASTER: Stavkyrkja i Borgund er noko av det Disney lokkar med når dei inviterer turistar med på eksklusive turar til Norge.

Disney etterlyser nye guidar i Sogn

Før du får jobben må du få opplæring på Disney University i Orlando.

Lærdal/Aurland: Den amerikanske underhaldningsgiganten har eit eige reiseselskap, Adventures by Disney, som arrangerer ekslusive turar over heile verda. Den store suksessen til filmen Frozen, som var inspirert av norsk natur og tradisjonar, gjorde at dei i 2014 starta opp turar i Norge, der fjordlandskapet i Sogn er ein viktig del av pakka.

No ser dei seg om etter to norske guidar som skal ta med turistar på opplevingar i mellom anna Undredal, Flåm, Aurland, Borgund og Fjærland. Dei to som har hatt jobben skal nemleg gje seg. Ein av dei er Torgeir Skjerdal frå Aurland, som no er klar til å gje stafettpinnen vidare. 

– I tillegg til å vere guide, så skal du vere reiseleiar og sørge for at alt går som smurt. Du får vere med på absolutt alle aktivitetane, noko som eg elskar, som rafting i Voss og fjordsafari i Flåm. Det har vore heilt rått å få oppleve og eg har blitt kjent med utruleg masse spanande menneske, seier han.

Les også: Slik lokkar dei turistane til Sogn
Les også: Dei trur terrorfrykt er noko av forklaringa bak ein ny rekordsesong​

Ettertrakta jobb i USA

Han fortel at dei komande guidane må vere budde på å reise til USA for å få opplæring på Disney University i Orlando. Der får du lære om både Disney og korleis du skal ta vare på gjestane. Skjerdal fortel at det er normalt er eit svært trangt nålauge for å få ein slik sjanse.

– I USA er det fleire tusen som søker på desse jobbane. Så me var veldig stolte då me fekk den, seier han.

Ståle Brandshaug i Visit Sognefjord seier at suksessen til filmen har hatt mykje å seie for satsinga på den amerikanske turistmarknaden.

– Heile den Frozen-koplinga til Norge, til fjordane og vårt område, har hatt veldig stor betydning. Me har hatt veldig sterk vekst i USA sidan dette byrja for tre år sidan, heile 40-50 prosent dei siste to åra. Det kjem i tillegg til cruisetrafikken, seier han.

–  Disney har vore ein isbrytar

Det er ingen tvil om at Disney satsar på den ekslusive delen av marknaden. Prisane på turane til Norge ligg i overkant av 5000 dollar, omlag 45 000 kroner etter dagens kurs. Her får dei reisande gå i fotspora til regissørane og oppleve brygga i Bergen, verdsarven i Nærøyfjorden, lære norsk folkedans, besøke stavkyrkjene, rafte og sjå breane på nært hald.

Brandshaug seier Disney har vore ein isbrytar for at ein større del av den amerikanske marknaden har fått augene opp for det Sogn har å by på.

– Satsinga vår på USA handlar om meir enn Disney og Frozen. Men det at filmen fekk så stor merksemd og at dei framleis satsar på desse turane, har slått veldig positivt ut for oss. Disney er ein stor aktør med eit sterkt merkenamn som blir lagt merke til internasjonalt, seier han.

Til toppen