MØTER MINISTEREN: 12. september skal ordførar i Aurland, Noralv Distad, og kollega i Stranda møte klima- og miljøminister Vidar Helgesen (H).
MØTER MINISTEREN: 12. september skal ordførar i Aurland, Noralv Distad, og kollega i Stranda møte klima- og miljøminister Vidar Helgesen (H). (Bilde: Halvor Farsund Storvik)

Distad skal møte miljøminister Helgesen: – Ei sak som er viktig for oss

I september skal verdsarvfjord-ordførarane i Aurland og Stranda møte klima- og miljøminister Vidar Helgesen (H).

Aurland: Dei to ordførarkollegaene sende i sommar brev til ministeren og bad om eit møte om utforminga av nye reglar for cruisetrafikken, skriv Sunnmøringen.

– Me kommunane hadde eit møte i sommar, der hamnevesenet også deltok. Me meinte det var behov for drøfting med ministeren og er glad for at me får møtet, seier Distad.

I desse tider jobbar Sjøfartsdirektoratet med å lage forslag til nye reglar for cruisetrafikken på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet. 

Konkurransevriding

Reduksjon av utslepp i cruisetrafikken er blitt eit stadig heitare tema. Distad forklarar at dei ønskjer miljøkrav som gjeld heile norskekysten, ikkje berre dei mest trafikkerte områda.

– Det blir problematisk dersom det skal vera særreglar for enkelte hamner. Då vil ein ikkje kunne ta ut den effekten, og skipa kan gå mot andre hamner slik at utsleppet blir det same sett i nasjonal samanheng, seier han.

– Dessutan vil det ha ein konkurransevridande effekt. For Aurland og Stranda er inntektene frå cruisetrafikk betydelege. Dersom ein ser heile regionen under eitt, så snakkar me om ein storleik på rundt 200 millionar kroner i inntekter. Det vil vera uhaldbart med ein regel som seier at eit skip kan frå Stavanger til Ålesund, men ikkje innom Flåm og Geiranger.

Helseskadeleg effekt

Eit forslag som ligg på bordet er å premiere skip som er miljøvenlege med redusert hamneavgift. Det er noko dei allereie praktiserer i Flåm.

– Ein er også i gang med eit samarbeid der ein ser på standarden på miljø på sjølve hamna. Slike tiltak er mogleg å gjennomføra i dag og ha reell effekt. 

Utsleppa frå cruisetrafikken er i periodar så store at dei er skadelege for både helsa og miljøet, viste ei kartlegging som Sjøfartsdirektoratet gjorde for Klima- og miljødepartementet i fjor. Ikkje minst er belastinga stor i Nærøyfjorden, Aurlandsfjorden, Geirangerfjorden og den inste delen av Tafjorden.

Til toppen