FLEIRTAL: Politisk kommentator Knut Henning Grepstad minner kommunar som vil sitja stille i båten og håpa kommunereforma forsvinn med eit regjeringsskifte om eitt år om at det er fleirtal på Stortinget for å gjera noko med kommunestrukturen. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes
FLEIRTAL: Politisk kommentator Knut Henning Grepstad minner kommunar som vil sitja stille i båten og håpa kommunereforma forsvinn med eit regjeringsskifte om eitt år om at det er fleirtal på Stortinget for å gjera noko med kommunestrukturen. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes (Foto: Arkiv)

– Distanse er eit like viktig poeng som nærleik i politikken

Politisk kommentator Knut Henning Grepstad meiner samanslåing av småkommunar både vil føra til mindre politisk inhabilitet og få meir kompetanse til kommuneandministrasjonane. 

Indre Sogn: – Småkommunar har store problem med å rekruttera kompetanse på alle områder dei har ansvar. Dei kan organisera seg på ulike vis i samarbeid, men då får ein eit demokratisk underskot fordi einingane ikkje blir direkte underlagte kommunestyret, seier Grepstad.

For to veker sidan gav fylkesmann Anne Karin Hamre si tilråding om kommunesamanslåingar i fylket på oppdrag frå kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Les også: Her er forslaget til ny storkommune i Sogn

Ho tilrådde at Sogndal, Leikanger og Balestransd slår seg i hop. Vidare at Luster og Vik vurderer å koma etter inn i denne konstellasjonen. Lærdal, Årdal og Aurland vart oppmoda til prata i hop om ei mogleg samanslåing.

Artikkelen held fram under biletet

TILRÅDING: Fylkesmann Anne Karin Hamre la fram si tilråding for kommunesamanslåing i fylket 29.september. Arkiv
TILRÅDING: Fylkesmann Anne Karin Hamre la fram si tilråding for kommunesamanslåing i fylket 29.september. Arkiv

Politisk kommentator Grepstad meiner altså ein vil få sterkare administrasjonar i kommunane ved å slå seg i hop.

– Det blir stadig strengare krav til kompetanse og kvalitet. Difor bør ein kommune vera stor nok til å etablera sin eigen kompetanse - ha ein eigenkompetanse som fungerer innad i den daglege drifta der ein utvekslar dei erfaringar som er gjort og omsyn som skal med. Dette må gjerast i ein felles organisasjon under ein felles administrasjon som er totalt samordna. 

– Lokalisering og fordeling er ikkje stridsspørsmål i større kommunar

Det var den administrative sida. Grepstad ser også moglege positive effektar av samanslåing på den politiske sida:  

– Nærleik er eit viktig argument politisk, men det er like viktig med distanse så dei som skal ta avgjerdene er habile og i rimeleg grad fristilte bindingar i dei sakene som blir handsama.

Små kommunar bekymrar seg gjerne for at større kommunar dei skal slå seg i hop med prøver å stikka av med "rubbel og bit" av tenester og arbeidsplassar. Grepstad deler ikkje denne bekymringa.

– Dei politiske partia har erfaringar med å gjennom nominasjonsprosessane sjå til at det blir ei rimeleg grei spreiing av kandidatar - at det blir ein geografisk balanse her. Vidare spinn ikkje stridsspørsmåla i store kommunar i dag rundt lokalisering eller fordeling. Det trur eg heller ikkje skjer i nye, samanslegne kommunar.

– Luster må for alvor setja seg ned og sjå på dette

Når det gjeld tilrådingane frå fylkesmann Hamre konkret omtalar Grepstad ei samanslåing av Sogndal, Leikanger og Balestrand som eit "overmoge prosjekt". 

– Det er eit økonomisk poeng som særskild gjeld Leikanger. Men det aller viktigaste er at dette området er sterkt utsett for reduksjon i statlege arbeidsplassar. Også at det vil mista styrke i kampen for å få nye arbeidsplassar ved å framleis vera småe kommunar. Ein treng å vera stor for å ha større gjennomslagskraft her i framtida.

Han presiserer at alle dei tre kommunane vil nyta godt av å slå seg i hop, og meiner ein fjerde bør koma til: 

– Desse tre har gode kvalitetar som dei ønskjer å bevara enkelvis, men det hjelp ikkje når storsamfunnet ønskjer samanslåing - då må ein vera med. Ein fjerde kommune kjem også inn med full tyngde - for Luster er det like viktig som dei andre å oppretthalda styrke og kunne gje tenester som trengst for å få folk til å bli verande og koma til. Det vil også sikra fleire kompetansearbeidsplassar i ein slik storkommune å ha dei med. Luster må for alvor setja seg ned og sjå på dette.

 Les også: Han er skuffa. Han er nøgd. Han er letta

Artikkelen held fram under biletet

ULIKE OPPFATNINGAR:  Leikangerordførar Jon Håkon Odd var skuffa, sogndalordførar Jarle Aarvoll nøgd og lusterordførar Ivar Kvalen letta etter at Fylkesmannen kom med si tilråding om kommunesamanslåingar i fylket. I følgje Knut Henning Grepstad burde ikkje Kvalen berre vera letta. Montasje: Arkivfoto
ULIKE OPPFATNINGAR:  Leikangerordførar Jon Håkon Odd var skuffa, sogndalordførar Jarle Aarvoll nøgd og lusterordførar Ivar Kvalen letta etter at Fylkesmannen kom med si tilråding om kommunesamanslåingar i fylket. I følgje Knut Henning Grepstad burde ikkje Kvalen berre vera letta. Montasje: Arkivfoto

– Å passivisera og setja seg sjølv på sidelinja

Ein ny storkommune er på treppene i Sunnford - i desse dagar diskuterer Eid, Stryn og Gloppen samanslåing i Indre Nordfjord. At også Sogn har eit tyngdepunkt gjennom ein ny storkommune meiner Grepstad er viktig for å kunne fremja heile fylkets interesser.

– Her i Årdal, Lærdal og Aurland seier ein gjerne at desse tre "ÅLA-kommunane" samanslege uansett blir for smått - særskild då med tanke på å få meir statlege overføringar ettersom innslagspunktet for å få "full pott" her ser ut til å liggja på 15-20 000 innbyggjarar. Kva tenkjer du om dette?  

– Det er å passivisera og setja seg sjølv på sidelinja på ein måte som er vanskeleg å forstå. Utviklinga av kommunenkartet i Noreg er ikkje noko som blir ferdig i denne runden - at det blir teikna i denne prosessen for deretter å leva like lenge som etter reformen i 1963 har eg ikkje tru på. Samanslåing burde ikkje vera eit framandt steg å ta for Årdal, Lærdal og Aurland. Både for å bli ei større kraft i seg sjølv, og at det kan nli lettare å sjå føre seg ein storkommune for heile Indre Sogn i neste omgang. 

Les også: Vil samarbeida med Hemsedal og Vang

Han trur også det kan vera vinstar å henta i høve statlege overføringar for ein kommune som kjem seg opp på eit innbyggjartal på i underkant av 10 000:

– Me ser at dei sentrale statlege myndigheitene tilpassar desse gulerøtene så dei oppnår nokre mål. Fnansieringsmidlane her kan tilpassast.

Har liten sans for at tvangen er ført inn "bakvegen"

Sjølv om Grepstad altså meiner kommunane i Indre Sogn burde vera meir samanslåingsviljuge, har han ikkje veldig stor sans for måten regjeringa har gått fram i prosessen på. Ting er ikkje gjort i rett rekkjefølgje, tykkjer han:

– Det er fleirtal på Stortinget for å gjera noko med kommunekartet, men så har den sitjande regjeringa prøvd å foskuttera dette ved å sentralisera ei rekkje funksjonar. Det er ikkje bra og ikkje godt for noko.

Han tenkjer då på politireformen, samanslåing av domstolar, skattekontor, domstolar og så vidare.

– Regjeringa vil ikkje bruka direkte tvang, men har ført tvangen inn bakvegen.  Fordi strukturar blir samanslegne blir ein vidare nøydd til å tilpassa seg dette for å få eit fungerande geografisk område som er interessant å bu i. Så seier nokre kommunar at dei vil venta og håpa på eit nytt fleirtal ved neste stortingsval som reverserer prosessen med kommunesamanslåing. Men det er altså eit fleirtal på Stortinget for å gjera noko med kommunestrukturen.

Les også: Ordførarar skuldar Sanner for tvangssamanslåing

– Fylkesmann Hamre gjekk for ei tilråding om samanslåing av berre tre kommunar i Indre Sogn - for dei fem andre sitt vedkomande var det meir ei oppmoding om å prata vidare saman. Trur du tankane til Fylkesmannen her er at dei fem andre blir bekymra for å stå utanfor viss ein får ein slik større kommune - altså at dei andre kan tenkjast å følgja på i neste sving?

– Eg vil vera forsiktig med å spekulera i kva som er Fylkesmannen sine intensjonar. Men ei kvar endring vil vera ei kraft som verkar inn. Det er nok Fylkesmannen klar over. 

Til toppen