LOVDE 1000 NYE STILLINGAR: Frp lovde 1.000 nye politistillingar innan året var omme, men politidistrikta seier dei ikkje har råd til å fylle stillingane.​ Foto: Flickr/Politiet i Vestfold.
LOVDE 1000 NYE STILLINGAR: Frp lovde 1.000 nye politistillingar innan året var omme, men politidistrikta seier dei ikkje har råd til å fylle stillingane.​ Foto: Flickr/Politiet i Vestfold.

Distrikta har ikkje råd til å fylle politistillingar

Frp lovde 1.000 nye politistillingar innan året var omme, men politidistrikta seier dei ikkje har råd til å fylle stillingane.

Indre Sogn: Justisminister Anders Anundsen (Frp) har anslått at 90 prosent av dei 1.000 ekstra stillingane som vart lovt utlyst, er fylte. Likevel viser Politidirektoratets teljing frå første tertial at det er berre 500 fleire polititilsette no enn i 2013. Dette kjem av at distrikta manglar pengar, skriv Dagbladet.

Fleire politidistrikt rundt om i landet unngår å fylle titals stillingar fordi dei meiner dei ikkje har råd.

– Det er direkte motstridande at Anundsen seier det er komme så mange fleire politifolk, samtidig som vi høyrer rapportar kvar veke frå politidistrikt som seier det ikkje er blitt betre, men verre. No får vi bekrefta at bildet han prøver å skape ikkje stemmer, seier Senterpartiets Jenny Klinge.

Framstegspartiet meiner derimot dei har halde ord.

– Eg legg til grunn at ambisjonane frå regjeringa om vekst i talet på nye stillingar blir følgt opp av Politidirektoratet og deretter av den enkelte politimeister, seier statssekretær Ove Vanebo (Frp). (©NPK)

Til toppen