DISTRIKTA: Ordførar i Gloppen, Leidulf Gloppestad (Sp), meiner fleire må kunne utdanne seg desentralisert, samstundes som kommunane må jobbe med bulyst og attraktivitet skal distriktskommunane ha ei god utvikling framover.
DISTRIKTA: Ordførar i Gloppen, Leidulf Gloppestad (Sp), meiner fleire må kunne utdanne seg desentralisert, samstundes som kommunane må jobbe med bulyst og attraktivitet skal distriktskommunane ha ei god utvikling framover. (Foto: Senterpartiet/Flickr)

MEININGAR

Distriktskommunar og livet på bygda - eit hjartesukk!

– Det som står heilt klart for meg, er at vi må for det fyrste utdanne fleire hender og hovud generelt, men så må fleire utdannast desentralisert spesielt, skriv Leidulf Gloppestad (Sp) om korleis ein skal sikre utvikling og styrke distriktskommunane framover.

Meiningar: På NRK Vestland og i Vestlandsrevyen, måndag 17. februar, fekk vi sjå og høyre fylkesordføraren i Vestland forsøke å dra opp ein debatt om utfordringar i distriktskommunar. Debatten ein ynskjer å dra opp kan eg også helse velkomen, men media si sedvanlege vinkling på sutring og syting frå distriktskommunar er for å seie det på godt gløppisk «bort i staur og veggje»!

Eg også ser og høyrer mange kommunar med utfordringar. Det kan vere økonomi, rekruttering, tap av arbeidsplassar eller krevjande strukturelle grep. Nokre har dei skapt sjølve, nokre skal dei og må dei løyse sjølve, og nokre rår dei ikkje over i det heile.

Vi er i ferd med å masterifisere og sentralisere oss vekk i frå kompetanse.

Leidulf Gloppestad (Sp), ordførar i Gloppen kommune

Skal det til dømes lukkast kommunane i å rekruttere førskulelærarar eller lærarar, hjelpepleiarar, sjukepleiarar eller psykologar til å møte framtida, så må det utdannast fleire av dei. Berre kravet om mastergrad og femårig lærarutdanning, førte til eit etterslep og behov for rekruttering i skulane landet rundt, som vi ikkje har klart å henta inn att.

Så har vi krav om at kvar kommune skal ha tilsett psykolog, eller ha dekka tilbodet om psykolog saman med andre. Og ja, desse psykologane slit kommunane også med å rekruttere. Dels på grunn av mangel på etablerte fagmiljø, men om ein skulle få desse fagmiljøa på plass, så er det rett og slett ikkje nok psykologar tilgjengeleg til å fylle det behovet som regjeringa har skapt. Og når det gjeld ei av dei største utfordringane kommunane sit på i framtida, det å få nok hender i eldreomsorga, så sit vi her også igjen med det same problemet.

Kommunane konkurrerer nærmast innbyrdes om dei same hendene, fordi det ikkje vert utdanna nok av dei for å møte det behovet vi samla sett har. 

Feil å sentralisere studieplassar

Det er uomtvisteleg bevist at nærleik til utdanningstilbod der arbeidskrafta trengst, er viktig for at ein skal greie å rekruttere. Då kan kommunar utdanne og rekruttere frå eige omland og det er høve for dei som allereie er etablert og busett til å ta ei utdanning som er relevant og som sikrar jobb.

Difor er det feil å sentralisere studieplassar, sentralisere høgskular og universitet for å gjere desse meir «robust» for å takle forskingskrav. Vi er i ferd med å masterifisere og sentralisere oss vekk i frå kompetanse. Og resultatet blir at kommunane ikkje greier å rekruttere viktig arbeidskraft, som vi veit vi treng no og i framtida.
 
Og dette gjeld ikkje berre i det offentlege. I næringslivet rundt oss sit mange i den same saksa. Det å ha tilgang på og utdanne og rekruttere ny arbeidskraft er utfordrande og vil krevje mykje av dei i framtida for at mange skal kunne klare seg.

Det finnast ingen quick fix på dette, det har ikkje eg trua på heller, men det som står heilt klart for meg er at vi må for det fyrste utdanne fleire hender og hovud generelt, men så må fleire utdannast desentralisert spesielt.

Næringslivet vårt, kysten vår, kulturlivet vårt, reiselivet vårt og  kommunane våre, med byane, der liva vert levde og draumane vert skapte, det er dette som er Vestland

Leidulf Gloppestad (Sp)

Dei vidaregåande skulane er for fylka våre regionale motorar, som bygger kompetanse og skapar utvikling. Når vi veit at det i Vestland fylke er berre 1 av 5 av dei som tek utdanninga si utanfor fylket som kjem attende, medan 4 av 5 som tek utdanninga si her blir verande, vil absolutt alle tene på å satse på det.

Desentralisert etter og vidareutdanning vil også gjere det ikkje berre enklare, men for mange rett og slett mogleg å heve sin eigen fagkompetanse for så å utvikle seg sjølv og sin eigen arbeidsplass.

Enkeltkommunar kan ikkje gjere dette åleine. Dette er ei utfordring ein har i fellesskap og eit ansvar fylkeskommunen og statlege styresmakter også må innsjå og vere med på å løyse.

Må skape bulyst og attraktivitet

Kommunane må skape bulyst og attraktivitet, som skapar tilhøyrigheit og identitet. Dette er også ei klar tilbakemelding frå ungdomen. Den jobben skal vi ta og den jobben gjer vi.

For to veker sidan hadde vi ein journalist gåande i Gloppen og på Sandane under «landsbylaurdag». Desse laurdagane har vi ein gong for månaden året i gjennom, der kulturlivet vårt, frivillige lag og organisasjonar, næringslivet, bønder og lokalmatprodusentar, kort sagt dei som vil og alt vi har, får syne fram seg sjølve, det dei har og dei dei driv med, og glopparane kan møtast for ein triveleg laurdag i lag. Midt i Sandane sentrum.

Journalisten, etter å ha brukt dagen hjå oss og reist rundt og sett på kva vi har rundt oss, kva vi har lagt til rette for, og kor mykje som skjer av frivillig aktivitet året gjennom, konkluderte med at han, for sin del, aldri hadde sett på maken, nokon stad, nokon gong.

Dette er sjølvsagt verken objektivt eller eit svar med to strek under på at vi er ein fabelaktig kommune som gjer absolutt alt rett, men det er i aller høgste grad ein del av det historiebiletet som fylkesordføraren etterlyser i oppslaget. Men det er eit paradoks at etter dette besøket og innlegget i Nationen, «la oss mikrourbanisere bygda», som gjekk sin sigersgong på sosiale medium for litt sidan, der Sandane i Gloppen vart trekt fram som motvekta og alternativet til fråflytting i distrikta og diktriktskommunar, så er altså fråflytting den historieforteljinga som NRK Vestland vil løfte fram. Det er dette inntrykket dei vil at folk skal sitje att med.

Dei gode historiene finnast over alt. Eit spørsmålet er sjølvsagt om vi ser dei sjølve og om vi løftar dei, skryt av dei og marknadsfører dei. Eit anna er om dette er ei historieforteljing andre finn det interessant og klikkverdig å marknadsføre også.

Treng sterke omland og kommunar

Det er ikkje klaging å peike på ting som ikkje fungerer. Det er nødvendig. Og ja, Vestland treng ein sterk motor. Den har vi i Bergen. Men som alle store skip, så er du meir manøvreringsdyktig og betre rusta i tronge hamner og krevjande skipsleier med gode hjelpemotorar også. 

Difor treng ikkje Vestland fylke berre eit sterkt Bergen, ein treng også sterke omland og sterke kommunar i heile fylket. Næringslivet vårt, kysten vår, kulturlivet vårt, reiselivet vårt og  kommunane våre, med byane, der liva vert levde og draumane vert skapte, det er dette som er Vestland, og det er i denne variasjonen fortrinnet og styrken vår ligg.

Dette gjeld ikkje berre Vestland fylke. Dette gjeld i heile landet. Og det er denne historieforteljinga vi alle må fortelje om att og om att og om att.
Historia om busetnad, arbeid, tenester og moglegheiter - nærfolk.

Til toppen