DISTRIKTET GAV BESKJED: Høgre har mista 5.586 stemmer i dei minst sentrale kommunane samanlikna med førre stortingsval. Senterpartiet har i dei same kommunane fått 32.640 fleire stemmer ved dette stortingsvalet samanlikna med 2013.
DISTRIKTET GAV BESKJED: Høgre har mista 5.586 stemmer i dei minst sentrale kommunane samanlikna med førre stortingsval. Senterpartiet har i dei same kommunane fått 32.640 fleire stemmer ved dette stortingsvalet samanlikna med 2013. (Bilde: Truls Grane Sylvarnes)

Distriktsrøystene sa tydeleg ifrå under stortingsvalet

Statsministeren har karakterisert distriktsopprøret som ein myte. Men røystene frå distrikta etter stortingsvalet viser eit anna bilete.

Avisa Nationen har gått gjennom valresultatet i dei minst sentrale kommunane i landet. Og valforskar Anders Todal Jenssen ved NTNU, meiner utfallet viser ein klar demonstrasjon mot distriktspolitikken til regjeringa.

– Dette viser eit grovt kart over ei politisk rørsle. Å avvise dette vil vere debattsabotasje, seier Todal Jenssen til Nationen.

I kategorien med dei minst sentrale kommunane har Statistisk sentralbyrå funne 149 kommunar. Her har dei raudgrøne fått 62,5 prosent av stemmene, og dei borgarlege 35,9 prosent.

Dei raudgrøne har vakse med 7,7 prosentpoeng frå stortingsvalet i 2013, trass i at Ap har mista mange veljarar.

Todal Jenssen får støtte frå valforskar og statsvitar Bernt Aardal.

– Etter valet er det framleis på sin plass å seie at det er eit distriktsopprør, seier Aardal.

Gjennomgangen til Nationen viser eit klart fleirtal på raudgrøn side, sjølv om Arbeidarpartiet har gått tilbake i 145 av dei 149 kommunane. Senterpartiet har gått fram i alle kommunane.

Høgre har mista 5.586 stemmer i dei minst sentrale kommunane samanlikna med førre stortingsval. Senterpartiet har i dei same kommunane fått 32.640 fleire stemmer ved dette stortingsvalet samanlikna med 2013.

Kommunar som er definerte som minst sentrale hos SSB ligg meir enn 90 minutt frå Oslo, meir enn 75 minutt frå Kristiansand, Stavanger, Bergen og Trondheim, meir enn 60 minutt frå ein tettstad med meir enn 15.000 innbyggjarar, og meir enn 45 minutts reisetid frå ein tettstad med 5.000-15.000 innbyggjarar.

Til toppen