BER OM HJELP: Christoffer Knagenhjelm i Huset i Bygda håper regjeringa ser på korleis dei kan hjelpe organisasjonseigde kulturhus gjennom koronakrisa.
BER OM HJELP: Christoffer Knagenhjelm i Huset i Bygda håper regjeringa ser på korleis dei kan hjelpe organisasjonseigde kulturhus gjennom koronakrisa. (Foto: Pressefoto)

MEININGAR

«Diverre står koronaviruset i fare for å reversere mykje av det positive arbeidet»

– Vi er uroa for at dei organisasjonseigde kulturhusa skal verte gløymd i debatten kring offentleg støtte til kulturinstitusjonar og frivilligheita, skriv Christoffer Knagenhjelm i Huset i Bygda.

Meiningar: Huset i Bygda har stor respekt for det arbeidet som regjering og offentleg forvalting gjer for å handtere koronaviruset, og vi er opptatt av at myndigheitene skal få tid og moglegheit til å løyse desse utfordringane.

Ikkje minst er vi glad for at Kulturdepartementet har utarbeidd eiga kompensasjonsordning for kulturfrivilligheita. Men vi er uroa for at dei organisasjonseigde kulturhusa skal verte gløymd i debatten kring offentleg støtte til kulturinstitusjonar og frivilligheita.

Viktige inntekter forsvinn

Spørjeundersøking utført av Huset i Bygda syner at desse husa i snitt i snitt vil tape om lag 45 000 kroner på koronakrisa. Totalt snakkar vi eit estimert tap på minst 18 millionar berre for husa i Sogn og Fjordane i perioden frå mars til og med sommaren 2020.

Huset i Bygda

  • Sogn og Fjordane Ungdomslag etablerte ordninga Huset i Bygda i 2010.
  • Føremålet er å hjelpe, støtte og inspirere dei organisasjonseigde kulturbygga i Sogn og Fjordane.

Diverre ser vi at kompensasjonsordninga har store manglar i utforminga som gjer at mange kulturhus ikkje er i posisjon til å søke midlar. Til dømes er det stilt krav om minimum 25 000 kroner i billett- og deltakaravgift.

Mindre lag står dermed i fare for å ikkje få dekka tapte inntekter ved avlysing av til dømes konsertar og revyar, då dei ikkje vil nå denne grensa for billettinntekter. Utforminga gjer òg at organisasjonseigde hus ikkje vil få dekka tap av som følgje av bortfall av utleigeinntekter og avlysing av marknadar og basarar.

Kompensasjonen treff dårleg

Desse utgjer mykje av inntektsgrunnlaget for mange hus. Utforminga av kompensasjonsordninga verkar difor urimeleg for kulturhus i små- og mellomstore lokalsamfunn, som utgjer mykje av busetnaden i distrikts-Norge. Huset i Bygda oppmodar difor styresmaktene til å raskt finna ei forbetring av kompensasjonsordninga.

For mange lag og organisasjonar som driftar lokale kulturhus på frivillig basis, er påske og mai to viktige månadar som bidreg med store inntekter som går til å dekke mange av dei faste utgiftene husa har resten av året.

At alle kulturarrangement i første omgang er forbodne til 15. juni verker like negativt inn på kulturhus drifta på frivillig basis, som større profesjonelle føretak.

Håpar kommunane kjem på bana

Dugnadsdrivne hus har óg faste utgifter som straum, forsikring og kommunale avgifter, som vatn og renovasjonsavgifter.

Her vonar vi at kommunane er med på å ta ansvar for å støtte husa. Eit godt lokalt verkemiddel kan vere refusjon av kommunale avgifter for 2020 til organisasjonseigde kulturhus.

Ungdomshusa, grendehusa, samfunnshusa og bygdehusa er levande kulturarenaer, som i stor grad er finansierte med dugnad. Dei betyr mykje for samhald og identitet på små og større plassar.

Fare for reversering

Dei siste åra har det òg skjedd særs mykje positivt kring desse husa. Mange hus opplever fornya engasjement, og dei vert brukt dagleg i lokalsamfunna.

Diverre står koronaviruset i fare for å reversere mykje av det positive arbeidet som har vore utretta for og med desse husa dei siste åra. Huset i Bygda oppmodar difor styresmaktene til å sjå på korleis dei kan hjelpe desse husa.

Eitt verkemiddel er at midlane som er sett av til kulturlivet, må innrettast slik at desse husa óg kan få kompensert delar av tapa sine.

Til toppen