Oslo / Årdal: Det skriv DN torsdag.
Investeringa tilsvarar 9,7 prosent av aksjane og stemmerettigheitene, til ein samla kostnad på omlag 700 millionar, 84,2 millionar dollar.
Energigianten Equinor, kontrollerar tilsaman over 10 prosent av i Scatec Solar, grunna tidlegare investeringar via Equinor Asset Management, skriv avisa.
Kven seljaren er, er framleis uvisst, men kjøpet vart varsla i ei børsmelding.
NorSun melde om produksjonsrekord
I ein Facebook-post onsdag, melde solenergiselskapet NorSun om produksjonsrekordar i alle avdelingane i fabrikken.
– I oktober sette NorSun produksjonsrekordar i alle avdelingar, trekkerhallen, shaping, wafersag og waferlinje, for første gang i vår 10-årige historie. Det skjer sjølsagt ikkje uten god samhandling frå alle avdelingar. Godt jobba! lyt meldinga.