NEDGRADERT: DNB Markets og Danske Bank Markets nedgraderer Norsk Hydro fordi dei trur auka produksjon vil føre til reduserte prisar. Foto: Flickr/Hydro.
NEDGRADERT: DNB Markets og Danske Bank Markets nedgraderer Norsk Hydro fordi dei trur auka produksjon vil føre til reduserte prisar. Foto: Flickr/Hydro.

DNB nedgraderer Hydro

DNB Markets og Danske Bank Markets trur auka produksjon av aluminium vil senka prisane. 

Årdal: Begge meklarhusa nedgraderer Norsk Hydro på forventningar om forverring av marknadsbalansen innan aluminium, skriv Nettavisen.

Hjå DNB Markets er anbefalinga tatt ned til Selg frå Hold, medan kursmålet vert kutta til 30 frå 34 kroner. Det kjem fram av ein aksjerapport frå meklarhuset fredag. Også Danske Bank Markets har merka seg at Kina vil auke produksjonen av aluminium og gjer same nedgradering.

– I ein marknad der veksten i tilbodet er høgare enn veksten i etterspurnaden, og me samstundes ventar at marginalprodusentar vil kunne koma tilbake med kapasitet basert på lågare kostnad er det utfordrande å sjå føre seg korleis prisane skal stiga, skriv DNB Markets.

Feil retning

Dersom aluminiumsmarknaden skal kome i balanse i 2016, er det naudsynt at ein reduserer den globale kapasiteten med rundt 1 million tonn per år, trur dei. 

Det er aktivitet i Kina som først og fremst trugar. Dei siste vekene er det blitt rapportert om sju kinesiske aktørar som anten har starta opp eller planleggjer å starta opp produksjon tilsvarande rundt 150.000 tonn per år, ifølgje meklarhuset.

– Marknadsutviklinga går dermed i feil retning for produsentar lokalisert i andre regionar, og me har tatt våre prisforventningar for 2016 og 2017 ned frå høvesvis USD 1.656 per tonn til USD 1.550 per tonn og frå USD 1.700 per tonn til USD 1.500 per tonn, skriv DNB Markets.

Til toppen