TURISTAR: Fjellturistar går her turen frå Østerbø til Vassbygdi, som ein del av turen i Aurlandsdalen. Foto: Berit Keilen / NTB scanpix / NPK.
TURISTAR: Fjellturistar går her turen frå Østerbø til Vassbygdi, som ein del av turen i Aurlandsdalen. Foto: Berit Keilen / NTB scanpix / NPK.

DNT ber folk hugsa på fjellvett om sommaren

Med auka turisme og auke i talet på redningsaksjonar oppmodar Den Norske Turistforening (DNT) alle om å bruka fjellvettreglane også om sommaren.

Indre Sogn: – Det er gledeleg at stadig fleire tek naturen i bruk, og ikkje mist at fleire som ikkje har så mykje turerfaring no er aktive utandørs på ulike måtar. Samtidig er det grunn til å minna om at alle er ansvarlege for eigen tryggleik, og vi oppmodar alle til å bruka fjellvettreglane aktivt, seier Nils Øveraas, generalsekretær i DNT.

Det var i påsken i år at DNT og Røde Kors reviderte dei kjende fjellvettreglane. Medan mange nok assosierer reglane med vinteren, er desse like viktige om sommaren, meiner DNT.

Dei fortel at redningsmannskapa har stadig meir å gjera i fjellet om sommaren.

Les også: – Det har vore ein travel sommar

– Tilhøva i sommarfjellet kan også skifta fort og vera krevjande. Det er viktig at alle er ærlege med oss sjølve og set oss inn i kva slags tur vi har tenkt oss ut på. Vi unner alle gode naturopplevingar, og brukar du fjellvettreglane som rettesnor, vil du kunne få både ein trygg og god tur, seier Øveraas. (©NPK)

Til toppen