FELLES TUR: Årdal Turlag arrangerte felles truge- og skitur.
FELLES TUR: Årdal Turlag arrangerte felles truge- og skitur. (Foto: Privat)

DNT feira 150-årsdagen med felles turar

I dag var den store bursdagen til DNT og det blei feira med mange turar i landet, også her i Sogn.

Årdal: – Vi har lyst å få folk ut på tur, spesielt på ein dag som dette, seier Rune Valsvik turleiar i Årdal turlag.

I dag var det den store 150-årsdagen til DNT. Det blei feira med turar over heile landet og folk i alle aldarar vart med. Også her i Sogn blei det lagt til rette for at folk kunne gå turar på denne spesielle dagen.

Fleire felles turar

Årdal turlag arrangerte truge- og skitur til Paradisjuvet. I tillegg hadde Barnas turlag arrangement i Seimsåsen der det var mogleg å gå rundar på ein kilometer på ski. Men også andre aktivitetar stod på planen, som grilling og aking. 

– Vi hadde forventa litt fleire påmelde, men det kan hende at folk har lyst å gå sjølv, seier Valsvik.

For dei som ikkje fekk med seg at det blei arrangert turar er det ingen problem. Gjennom heile året blir det arrangert felles turar i landet. Berre i Sogn og Fjordane har lokallaga sendt inn rundt 700 turar. Det bør vere noko for ein kvar smak.

Til toppen