I VINDEN: Ingenting er meir trendy enn norske fjell, fortel Den norske turistforeininga. Foto: Jonny Asperheim.
I VINDEN: Ingenting er meir trendy enn norske fjell, fortel Den norske turistforeininga. Foto: Jonny Asperheim.

DNT: Ingenting meir trendy enn norske fjell

Sterke miljø- og livsstilstrendar har sendt norske fjell til nye høgder. Aldri har fjellet vore så populært. Turistforeininga hadde rekordhøge overnattingstal i fjor og ny årsrekord i medlemsvekst.

Årdal/Lærdal: Resultata for 2015 viser heile 412.427 overnattingar, det er ein auke på 11.000, eller 2,7 prosent, frå året før.

– Og det i eit år der vêr- og føreforhold delvis var på den utfordrande sida, seier kommunikasjonsrådgjevar Christine Thune i Den Norske Turistforening (DNT) til NTB.

DNT passerte i fjor 270.000 medlemmer, ny rekord – igjen:

– Norske fjell tilbyr alt frå det enkle, nære til det utfordrande spektakulære og trekkjer til seg både dei fjellvande og dei som treng litt innføring og guiding. Begge former for friluftsliv er blitt veldig trendy, eg trur noko av det kulaste ein kan gjere no er å gå i fjellet, uansett årstid og alder, seier ho.

Ny satsing

Merksemda rundt Friluftslivsåret i fjor gav draghjelp, og mange tok kontakt med DNT. Over 600.000 personar var med på små og lengre turar i 2015. Foreininga ser at det er ein aukande marknad for arrangerte fellesturar:

– Tysdag lanserer vi vår første store, nasjonale turkatalog, med dei aller beste 52 sommarturane over heile landet, seier Thune, som har vore redaktør for katalogen.

Dei er ikkje aleine om å merke appellen norske fjell har:

– Det er ein stor, ny etterspørsel etter guiding og korte dagsturar tilpassa helgereiser for vinklubbar, jentegjengar – eller bedriftskonferansar, seier turistsjef Pål Medhus i Geilo holiday. Han blir støtta av fleire verksemder med heilårsdrift.

Hotellopphald til fjells utanom vintersesongen var tidlegare sett som ei rimeleg moglegheit for å halde helgeseminar:

– Folk tok seg knapt nok turen utanfor døra. Då vi prøvde å tilby slike guide- og turtenester for ti år sida så folk rart på oss: «Kven trenger vel det?». No er det stor etterspørsel, i tråd med livsstilstrendane, seier Medhus.

Ettertanke

Medhus har vore på internasjonale fagmesser der tendensen er klar: Norske fjell vekkjer iver:

– Kosthald, rein natur og det å halde seg i bevegelse er også internasjonale trendar. Med frisk fjelluft, allemannsrett og eit veldig profesjonelt stisystem har vi noko unikt. Ikkje minst er Noreg bra tilpassa ulike behov. Reiser du til Alpene sør i Europa treng du heilt andre sko og anna utstyr, og du skal ikkje trakke mykje feil før du tryner og hamnar langt nede i ein elv, seier ho.

Loggar av

I ei fersk undersøking frå NHO kjem det fram at nære verdiar som hytteliv, friluftsliv og samvær med familie og venner i ferien er på frammarsj. Ifølge NHO er det ikkje uventa når ein lever hektiske liv i ei usikker tid: Å samle sine nære i naturen og byggje samhald bli verdsett:

– I fjellet er ein delvis logga av. Naturen, stilla og dei store omgjevnadane gir påfyll og rom for refleksjon, ein verdifull kontrast til kvardagane, seier Thune i DNT. (©NPK)

Til toppen