APP: DNT har utvikla ein app der ein kan registrere postkasseturane ein er på. I Lærdal er dei allereie i gang med å få dette på plass på trimpostane. Foto: Privat.
APP: DNT har utvikla ein app der ein kan registrere postkasseturane ein er på. I Lærdal er dei allereie i gang med å få dette på plass på trimpostane. Foto: Privat.

DNT lanserer ny app som skal få fleire ut på tur

I Lærdal er dei allereie i gang med å registrere turpostar elektronisk.

Lærdal: Den nye appen har fått namnet SjekkUT. Kort fortalt fungerer den slik at ein elektronisk kan registrere seg på turpostane som er lagt inn i eit system. Appen kan lastast ned gratis frå App Store og Google Play.

– Frå no kan alle få turpostkasseturane rett på telefonen. SjekkUT-appen er eit enkelt digitalt verktøy der våre eldsjeler presenterer sine anbefalte turmål der du er, seier generalsekretær i Den Norske Turistforening (DNT), Nils Øveraas, i ei pressemelding.

I fjor fekk foreninga éin million menneske ut på tur, og målet er at appen skal bidra til at fleire kjem seg ut. 

Allereie i gang i Lærdal

Rolf Engløkk i Lærdal fortel til Porten.no at Lærdal Turlag er i ferd med å registrere alle turpostane elektronisk.

– Me har om lag 30 turpostkassar rundt om i kommunen. Det er så mange flotte turmål i vårt område som me gjerne vil inspirere endå fleire til å oppdage. Me har alt fem turposter registrert i appen og har som mål å fylle på med endå fleire, seier han.

Engløkk fortel også at Lærdal har fått 80.000 kroner til merking av turstiar i år. 

Sjekkar inn på posten

I fjor var over 65 prosent av dei éin million registrerte turane i DNT postkasseturar. Det vil seie at lokale turlagsfolk plukkar ut turmål og set opp ein turpost der besøkande registrerer seg. Den nye appen skal gjere det endå kjekkare å samle på turpostane.

– Med appen kan du få oversikt over kor dei næraste turpostane er til ei kvar tid, du kan sjekke inn når du besøker ein post, du kan leggje ut eigne bilete og skrive i gjesteboka på kvart enkelt turmål, fortel Øveraas.

Til toppen