TO KAMPAR: Olafur Sveinsson og Jotun/ÅTIL reiser til Bergen for å spela to kampar i helga mot Fyllingen 2 og Årstad 2. Foto: Ina Eirin Eliassen.
TO KAMPAR: Olafur Sveinsson og Jotun/ÅTIL reiser til Bergen for å spela to kampar i helga mot Fyllingen 2 og Årstad 2. Foto: Ina Eirin Eliassen.

Dobbelkamp for Jotun/ÅTIL i helga

Olafur Sveinsson og mannskapet hans spelar to kampar i Bergen i helga og jaktar sesongens første poeng.

Årdal: Dei to heimekampane som Jotun/ÅTIL-laget har spelt så langt har ikkje gitt poeng. Etter det store tapet for Sotra 2 såg ein heilt klart betringar i resultatet mot BSI.

I helga spelar damene to kampar i Bergen. Laurdag møter dei Fyllingen 2, og søndag skal dei i aksjon mot mot Årstad 2.

Fyllingen 2 har rukke å spela fem kamar allereie, der tre har enda i siger og to med tap. Det gjer at dei ligg heilt i toppen saman med Åsane og Gloppen med seks poeng.

– Det er eit sterkt Fyllingen-lag me møter, og dei kjem sikkert til å vinne avdelinga vår denne sesongen, kommenterer trenar Olafur Sveinsson før kampen.

Med kaptein Linn Løvdahl, Guro Undi og Henriette Forthun ute med skade, medan Vilde Eldegard ikkje er med, er islendingen ein spøkefull realist.

– Me tar neppe poeng i dag utan å vinna i Lotto. Det er jo ein stor Lotto-pott i dag, så då skal me iallfall spela, smiler han.

Søndag møter Jotun/ÅTIL altså Årstad 2. Her er nok sjansane for poeng litt større. På tre kampar denne sesongen har Årstad 2 berre éin siger og ligg på plassen over dei raude og grøne på tabellen.

Til toppen