VENEFOREINING: Årdal kommune inngår driftsavtale med Indre Ofredals Vener for å drifta det kulturhistorisk viktige anlegget i Indre Ofredal. Foto: Privat.
VENEFOREINING: Årdal kommune inngår driftsavtale med Indre Ofredals Vener for å drifta det kulturhistorisk viktige anlegget i Indre Ofredal. Foto: Privat.

Dobla grunnkapitalen til Indre Ofredals Vener

Årdal kommune har inngått driftsavtale med Indre Ofredals Vener og gir dei 100 000 kroner i grunnkapital.

Årdal: I lang tid har eldsjeler stått på for å restaurere og byggje opp att anlegget i Indre Ofredal, kalla «Ne' for sjø'n». Med Harald Thune i spissen har dei lagt ned enormt med dugnadstimar.

Men dugnad strekk berre så langt, og sidan anlegget er kommunalt eigd, var tanken å opprette ei stifting. På denne måten kan ein søkje om midlar frå private og offentlege instansar.

Etter råd frå Riksantikvaren og kulturavdelinga i fylkeskommunen, kom ein fram til at ei stifting ikkje var den beste løysinga. Difor er det no heller stifta ei veneforeining. 

– Åtvaringa gjekk på at ei stifting var byråkratiserande og umogleg å avvikle. Med ei veneforeining har ein juridiske personar som kan søka om tilskot. Det er viktig at ein får innsikt no er kva problemstillingar som ligg på anlegget, status og kva som må til for å få det i betre forfatning, sa Fossedal i si orientering til formannskapet.

Kulturhistorisk verdi

Det er saga som er det mest sentrale bygget på anlegget, og den som er viktigast å redde. Utover dette er målet at allereie frå i sommar skal ein starte med cafédrift og også overnatting.

Som ein ekstra starthjelp fremja difor Arild Ingar Lægreid (Ap) forslag om å auke grunnkapitalen frå 50 000 kroner til 100 000. Dette vert dekka inn av næringsfondet.

– Dette er jo perla vår, og eg er glad for at me har funne ein måte å få dette opp å gå på. Saga er viktig, og har ikkje berre ein stor verdi for oss, men også ein kulturhistorisk verdi for Årdal, supplerte Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap) og var full av ros til veneforeininga sitt arbeid med å ta vare på anlegget.

– Ei god sak

Helge Øvstetun (Sp) hadde også mykje ros å kome med. Han og partikollega Hilde Horpen (Sp) fremja også sine forslag. Dei gjekk på at forsikringar må dekke utleige, telefon og straum i leigeperioden på tre år, og at veneforeininga må kunne søkje om investeringsmidlar frå Årdal kommune.

– Eg tykkjer dette er ei svært god sak. Det er tre ting eg vil framheva; det er initiativ, dugnadsprosjekt og kulturelt viktig. Stor ros og takk til det som gjer jobben, sa Øvstetun, som støtta Arbeidarpartiet sitt framlegg også.

Rådmann informerte om at framlegga til Senterpartiet var ingen problem å ta med i driftsavtalen, og samtlege framlegg var vedtekne samrøystes. 

Til toppen