DOBLA STØTTE: Arbeidarpartiet sitt framlegg om å dobla kommunen si støtte til Målrock frå 50 000 til 100 000 blei samrøystes vedteke i kommunestyret. Foto: Egil Jørgen Lund.
DOBLA STØTTE: Arbeidarpartiet sitt framlegg om å dobla kommunen si støtte til Målrock frå 50 000 til 100 000 blei samrøystes vedteke i kommunestyret. Foto: Egil Jørgen Lund.

Doblar tilskotet til Målrock

Etter framlegg frå Arbeidarpartiet doblar kommunen støtta si frå tilrådde 50 000 til 100 000 til Målrock.

Om litt over to månadar blir Årdal nok ein gong staden å vera for musikkglade sjeler når Målrock blir sparka i gong med ein historisk friluftsvri på arrangementet.

Torsdag vedtok eit samrøystes kommunestyre å gå for framlegget til Hilmar Høl og Arbeidarpartiet om å auka den tilrådde støtten til rådmann på 50 000 kroner til det dobbelte.

– Det vart ytra eit lite stikk frå Senterpartiet på formannskapsmøtet om at me var ute i valkampføremål ved å gjera dette her, men for å seia det sånn; viss bidraga til Målrock skal dragast inn i valkampen, gjer me det kvart år, seier Høl.

– Det er slik at Målrocken er den viktigaste festivalen for Årdal. Det tilkjennegir seg gjennom besøkstala, for næringslivet og ikkje minst lag og organisasjonar som er viktige bidragsytarar, der pengane dei samlar inn går vidare til born og unge, legg han til.

Støtte frå Norsk kulturråd

Pengane blir tekne frå det såkalla dispensasjonsfondet, som det etter denne støtten står att 82 000 kroner på. Høl la vekt på at kommunen sitt bidrag vil avla eksterne midlar.

I desember fekk nemleg stiftinga Målrock nyhenda om at dei er attende på den nasjonale tilskotsordninga for festivalar og fekk 100 000 kroner frå Norsk Kulturråd. Årsaka til det er truleg at Årdal kommune si støtte har vore stabil dei siste åra.

Tilskot avlar tilskot

I ei tid stilte kommunen med ei garantiordning på 100 000 kroner viss festivalen skulle slå ut feil, men har altså no dei siste åra gått inn med direkte støtte.

– Det har blitt premiert med at kulturrådet har kome inn att og gitt det viktige bidraget som dei gjer med 100 000 kroner. Tilskot avlar tilskot. Det må me ha med oss. Viss 50 000 i år blir 50 000 frå Kulturrådet neste år, så har me gjort oss sjølve, og ikkje minst Målrocken, ein bjørneteneste, seier Høl.

Framlegget frå Ap fekk brei støtte. Aleksander Øren Heen (Sp) peika på korleis Målrock set Årdal på kartet på fleire måtar.

– Eg trur dei fleste i Sogn og utanfor Sogn har høyrt om Målrock. Det gjer at ein får mange tilreisande og at dei får eit bra inntrykk av Årdal når dei er her. Det er på sin plass at kommunen støttar opp om dette, seier han. 

Utvida skjenketider

Festivalen betyr også mykje for lag og organisasjonar, og sjølv om Framstegspartiet er einig i å gi denne pengesummen, meiner Geir Hilmar Sandvik at dei frivillige ville vore tent med utvida skjenketider.

– Dette arrangementet gir oss veldig mykje positiv reklame, men ikkje minst mykje pengar til frivillige. Ein måte å auka inntektene på er å sjå på skjenketidene, for det er jo gjennom salet på sjølve arrangementet dei frivillige laga og organisasjonane får inntektene sine frå, men det hadde blitt vanskeleg med dette samansetning av kommunestyre, seier Sandvik.

Ruspolitisk handlingsplan

Det fekk Høl og Heen til å reagera.

– Ein skal høyra mangt slag, men viss ein snart har sete i ein fireårsperiode og ikkje kan ta inn over seg at me har ein ruspolitisk handlingsplan som set grensa for skjenketider, så må ein jo lesa det ein gong til, seier Høl.

– Når det gjeld innspelt om skjenking, så er skjenketida til festivalen er slutt. Etter det er det vel meininga at ein skal gå heim eller finna seg andre stader og skjenka seg sjølv, la Heen ti. 

Til toppen