Aurland: Historia om hunden som vart dumpa i søpla vekte reaksjonar då Porten.no fortalde om hendinga måndag.
NRK, Dagbladet, Bergens Tidende, Sogn Avis og NTB var blant dei som plukka opp saka.
No viser det seg at funnet ikkje var så makabert som det først kunne verka. For blant sparposane i kontainaren i Aurland låg det ein utstoppa sel, ikkje menneskets beste venn.
– Eg håpar ikkje at eg har skremt livet av dei som såg inn i konteinaren, seier Erik Strøm, mannen som kvitta seg med selen, til NRK.
Han fortel at han fekk den utstoppa selen i fjor, men at eine labben vart riven av då barnebarna var på besøk.
– Då såg han ikkje heil ut lenger, seier han.