DØD PERSON: Ein død person er funnen nær fodnes. Foto: Andreas Aannevik.
DØD PERSON: Ein død person er funnen nær fodnes. Foto: Andreas Aannevik.

Død person funnen ved Fodnes

Politiet går ut frå at det er den sakna mannen dei har leita etter.

Årdal: Måndag kveld melde politiet at dei har funne ein død person i strandlinja ved Fodnes i Lærdal kommune. 

Dette er i same område som leitemannskap har leitt etter ein sakna 75-åring måndag. Politiet har difor bestemt seg for å innstille vidare søk.

– Personen er ikkje identifisert, men me antar at dette er personen frå Årdal. Me har beslutta at personen blir sendt på obduksjon for ein sikker identitet og for å finne dødsårsak, seier Inge Verøy ved operasjonssentralen for politiet i Sogn og Fjordane.

Det var tidlegare same dag at politiet ynskte opplysningar om ein raud Toyota Corolla med registreringsnummer UC 20209 frå Øvre Årdal. 

Eigaren av bilen, ein 75 år gamal mann, var då meld sakna og var ikkje sett sidan 20. mars. Kort tid etter vart bilen funnen parkert i Meierigata på Årdalstangen. 

Det vart då sett i gang søk med hjelp av Norske redningshundar og Norsk folkehjelp. Det var også nytta båt i søket som konsentrerte seg om området på Årdalstangen. 

Det var familien til den sakna som varsla politiet om at mannen kunne vere sakna. Kva som kan ha skjedd med han er uvisst, og politiet ønskjer tips på telefon 02800.

Til toppen