Lærdal: Det er første gongen CWD blir påvist i Europa, og det er også det første tilfellet hos rein på verdsbasis. Det skriv Veterinærinstituttet i ei pressemelding.
Reinsimla som har fått påvist sjukdommen døydde i Nordfjella villreinområde i midten av mars. Ein hjerneprøve blei teke som eit ledd i overvakingsprogrammet for CWD hos hjortedyr.
– Sjukdommen er velkjend hos hjortedyr i Nord-Amerika. Etter grundige vurderingar av WHO er det er vist at CWD ikkje blir overført til menneske, men alle dyr som får påvist CWD skal kasserast som eit føre-var-prinsipp, seier Jorun Jarp, beredskapsansvarleg og avdelingsdirektør ved Veterinærinstituttet.
Sjukdommen rammar nervesystemet hos hjortedyr, og føre gradvis til tap av nerveceller i hjernen.
I samarbeid med Mattilsynet vil Veterinærinstituttet koma med ei vurdering av forholdsreglar norske jegerar burde ta. (©NPK)