Dødsulukke mellom Lavik og Vadheim
(Foto: Arkiv)

Dødsulukke mellom Lavik og Vadheim

Onsdag klokka 19.53 fekk Vest Politidistrikt melding via AMK-Førde om trafikkulukke mellom personbil og motorsykkel.

Høyanger: Hendinga skjedde på E39 mellom Lavik og Vadheim på Norevik.

Alle naudetatar rykka ut. Føraren av motorsykkelen blei erklært død på staden.

– Dessverre omkom føraren av motorsykkelen. Det vart gjort førstehjelp på staden, men det var dessverre ikkje råd å redde livet, sa operasjonsleiar Stein Rune Ø. Halleraker til NRK ved femtida torsdag morgon.

Årsaka til ulykka er foreløpig ukjent. Politiet sine kriminalteknikarar har gjort undersøkingar, og personbilen og motorsykkelen er frakta vekk for vidare undersøkingar.

Vegen var stengt utover natta. Den er no open for ferdsel. Politiet har varsla pårørande til førar av motorsykkelen.

Til toppen