DØMD: Bloggar Alf Kollsete (85) er dømd til å betala 12.000 kroner i oppreising til barnevernsleiaren han kalla for "terrorist".
DØMD: Bloggar Alf Kollsete (85) er dømd til å betala 12.000 kroner i oppreising til barnevernsleiaren han kalla for "terrorist". (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Dømd for nettsjikane mot tidlegare barnevernsleiar

Bloggar Alf Kollsete (85) har blitt dømd til å betala 12.000 kroner i bot.

Sogndal: Kollsete vart i Sogn og Fjordane tingrett dømd til å betala 12.000 kroner i bot for å ha skrive hetsande innlegg mot Clara Øberg, politikar og tidlegare leiar i Sogn barnevern. Det melder NRK

– For meg viser bota som Kollsete har fått at samfunnet no seier at dette ikkje er greitt, sa Øberg til NRK. 

Kollsete publiserte innlegg frå mai 2018 til april 2019 på bloggen sin, der han skuldar Øberg og fagleiaren for å ha medverka til at sonen vart utsett for eit justismord i ei barnevernssak.

I innlegga kalla han Clara Øberg både terrorist, overgripar og eit menneske utan skruplar.

– Eg er nøgd med at retten har sagt at alle blogginnlegga i tiltalen er straffbar, sa aktor Ingeborg Drægebø til NRK, og meiner dommen kan bidra til at fleire tør å melda liknande saker til politiet. 

Nekta straffskuld

I tingretten i oktober forklarte Kollsete at barnevernssaka hadde vore ei sjokkarta oppleving. Bloggen starta han i 2011 for å forsvara familien mot den uretten han meinte dei hadde blitt utsette for.

– Eg ser på meg sjølv som ein varslar, sa han då. 

Vidare sa Kollsete seg ikkje skuldig i nokon av punkta i tiltalen. Han varsla at han kom til å anka på staden om han blir dømt.

Til toppen