Årdal/Brasil: I oktober fekk Hydro klarsignal til å bruke ein ny pressfilterteknologi på det gamle deponiet, DRS1. I tillegg oppheva miljømyndigheitane IBAMA forbodet mot å bruka det nye deponiet, DRS2.
For å ta opp att test- og driftfasen av det nye deponiet, var hydro avhengig av at den føderale domstolen òg oppheva sitt produksjonsforbod. Det har dei ikkje gjort.
Tysdag skriv DN at den førderale domstolen har avslått Hydro sitt ynskje om å oppheva to avgjerande forbod mot Alunorte-annlegget:
- forbodet mot å produsera meir enn halvparten av full produksjon, og
- forbodet mot å ta i bruk det nyaste deponiet
Ministério Público, som er det førderale statsadvokatkontoret i Brasil, seier at domstolen vil at begge forboda skal halde fram. Det vil seie at Hydro må fortsetja med halv produksjon og halde seg til det gamle deponiet.
- Les òg: Miljømyndigheitene tillèt Hydro å bruka det nye deponiet i Brasil
- Les òg: Hydro om konsekvensane Brasil-krisa får for Årdal: – Kan ikkje utelukka noko
Hydro: – Einaste bærekraftige løysinga
Då miljømyndigheitene oppheva sitt forbod i oktober, sa Hydro at det nye deponiet ville vere svært viktig for framtidig bærekraftig drift.
– På lenger sikt representerar det nye deponiet og pressfilterteknologien den einaste bærekraftige løysingen for Alnorte, sa Hydro sin EVP for Bauksitt og Alumina, John Thuestad i oktober.