NYTT LIV: Det kan kome nytt liv i Dooria-bygget att dersom Østfold Energi går vidare med planane om å starte produksjon av hydrogen her. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
NYTT LIV: Det kan kome nytt liv i Dooria-bygget att dersom Østfold Energi går vidare med planane om å starte produksjon av hydrogen her. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Dooria-bygget kan huse hydrogenfabrikk

Østfold Energi vurderer å starte prøveproduksjon av hydrogen i det mykje omtala bygget.

Årdal: Østfold Energi eig i dag ein kraftstasjon i Naddvik i Årdal og linjenett fram til Årdalstangen. 

I første omgang er det snakk om å starte ein prøveproduksjon der ein nyttar straumen som vert produsert i Naddvik til å elektrolysere vatn, altså skilje oksygen og hydrogen frå kvarandre, skriv NRK.

– I Østfold Energi ser vi på fleire ulike satsingsområde for tida, seier prosjektleiar Egil Erstad til NRK., og legg til at det er for tidleg å seie noko om kva dei skal nytte den lokalt produserte hydrogenen. 

Hydrogen kan nyttast til køyretøy som bilar, bussar, ferjer, til og med jernbane. 

Stått tomt sidan 2011

Dooria-bygget har stått tomt sidan Dooria la ned produksjonen sin i 2011. Heilt sidan då har det blitt jobba intenst med å få på plass ny aktivitet.

Det er Siva som eig bygget, og seinast for eit halvt år sidan kom det fram at dei hadde avvist ein aktuell aktør fordi dei stod for langt frå kvarandre på pris. 

Bygget er 7500 kvadratmeter stort og vart i si tid tilpassa Dooria. Då det blei sett opp i 2007, hadde det ein prislapp på mellom 65 og 70 millionar kroner. 

Til toppen