Ustabilt:  Mykje bygdeaktivitet vil prega helga. Å snu døgnet kan vera eit alternativ - best ser vêret ut på morgonen, kvelden og natta. Illustrasjonsfoto
Ustabilt: Mykje bygdeaktivitet vil prega helga. Å snu døgnet kan vera eit alternativ - best ser vêret ut på morgonen, kvelden og natta. Illustrasjonsfoto

– Dra på jobb og utsett ferien

Har du høve er meterologane sitt beste råd å spara feriedagar om du ventar på fint ferievêr.

– Dei neste 15 dagane vil me ha eit ustabilt sommarvêr. Det er ingenting som tyder på at me får noko solid høgtrykk. Det kan vera like greitt å utsetja ferien og dra på jobben om ein har høve, seier meteorolog i Storm Roar Teigen til TV2.

Best morgon, kveld og natt - mykje bygeaktivitet midt på dagen

På kort sikt er det lite å gle seg over: Meteorologisk institutt har sendt ut OBS-varsel for fleire fylker, mellom anna Sogn og Fjordane. Dette grunna sterk vind:  "Utsette stader i innlandet er det venta vindkast på 20-25 m/s" heiter det i varselet." Utover kvelden er det likevel meldt mindre vind, så ein får tru det har blese frå seg. Torsdag kveld er også eit lyspunkt - nedbørsfritt og lettskya.

<strong>Vind:
<strong>Vind:

Også fredag føremiddag ser det greitt ut, før det skjér til att på ettermiddagen og kvelden med gode byger. Og slik held det fram helga gjennom; greitt vêr på føremiddagane og seint på kveldane samt nettene både laurdag og søndag, men ein heil del byger midt på dagen. Temperaturvarselet ligg på rundt 15 grader på dagen i låglandet, og temmeleg kjøleg til fjells; skal du verkeleg høgt, til dømes på Berdalseken (1814 moh) mellom Årdal og Lærdal kan du kanskje oppleva julisnø - her er det meldt rundt 0 grader fredag og laurdag, før tempen stig litt att.

– Dei ivrigaste kan springe ut når dei ser sola, seier statsmeteorolog Kristian Gislefoss frå vêrvarslingssalen på Blindern til yr.no.

Komande veke kan sjå noko betre ut - temperaturen ser ut til å nærma seg tjuetalet att i låglandet. Framleis er det minst 50% sannsyn for at det vil dryppa litt kvar dag i følgje Yr sitt sannsynsvarsel, men dei store mengdene ser det ikkje ut til å bli per torsdag ettermiddag. 

Til toppen