MÅLKALAS: Det vart ein målfest på Fosshaugane Campus tysdag. Med heile 5 mål i berre første omgang.
MÅLKALAS: Det vart ein målfest på Fosshaugane Campus tysdag. Med heile 5 mål i berre første omgang. (Foto: Porten tipsar)

Dramatikk og målfest på Fosshaugane, men draumen om opprykk er langt vekke for Sogndal

Då Mjøndalen vitja Fosshaugane tysdag braka det laust ein ellevill kamp.

Sogndal – Mjøndalen 3–4

Med berre ti kampar igjen av sesongen var det mykje som stod på spel for Sogndal  då Mjøndalen vitja Fosshaugane Campus tysdag kveld. 

Gjestane ligg på tredjeplass på tabellen i OBOS-ligaen med 39 poeng, medan Sogndal ligg på fjerdeplass med 36 poeng.

Vann dei i kveld ville dei ha lagt likt med Mjøndalen og berre eitt poeng bak Viking på andreplass, og dermed eit hakk nærare opprykksplass og med det eit steg nærare eliteserien.

Det enda derimot i tap, og dei ligg no seks poeng bak Mjøndalen.

Sogndal gjorde merkverdige endringar i laget før start, der dei tre nysigneringane Trond Olsen og Nikita Baranov var på benken, medan Bjørn Helge Riise ikkje var i troppen i det heile. 

Sogndal - Mjøndalen

Turnering: OBOS-ligaen
Dommar: Siver Amland
Arena: Fosshaugane Campus, Sogndal

Mål: 

Sogndal: Haugen, Kjemhus, Birkelund

Mjøndalen: Bojang, Solholm Johansen, Olsen Solberg, Scriven.

Cornarar: 

Sogndal: 4

Mjøndalen: 5

Gult kort:

Sogndal: Wæhler, 24

Mjøndalen: Olsen Solberg, 50

Lagopstilling Sogndal

1. Mathias Lønne Dyngeland (k)

29. Tomas Totland

4. Kjetil Wæhler (Baranov, 45) 

3. Per-Magnus Steiring

14. Ole Martin Rindarøy

7. Eirik Schulze

8. Eirik Birkelund

24. Sixten Jensen

10. Stanisa Mandic  (Trond Olsen, 60)

22. Sigurd Haugen 

18. Lars Christian Kjemhus

Målfest i 1.omgang 

Begge laga var på i starten, og visa at dei ville vinna. Dette spegla heile omgangen då dei til saman vart skåra 5 mål. 

Omlag på slaget i 18.minutt sendte toppscorar Sigurd Haugen Sogndal i leiinga etter eit perfekt innlegg frå høgre. Haugen fekk med det sitt trettande mål for sesongen.

Knappe to minuttar seinare i utlikna gjestane. Mjøndalen sin nummer 19. Lindseth, rykk inn i feltet til Sogndal men mista ballen då Dyngeland kom ut av boksen. Ballen gjekk i retur til Bojang som plasserte han midt i mål.

Ti minuttar seinare gjekk gjestane i leiinga med då ballen vart stanga inn i nettet til Dyngeland av Sondre Solholm Johansen.

Gjestane viste enorm styrke og klinka inn eitt tredje mål like etter, med det som må reknast som årets mål på Fosshaugane. Joackim Olsen Solberg fekk ballen på 25 meter og sendte avgårde ein susar som enda rett i krysset til heimelaget. 

Minuttet etter reduserte sogningane. Mandic knyta seg igjennom troppen til Mjøndalen og sette ballen i stolpen, Lars Christian Kjemhus er lynrask og putta returen leikent i mål.

Då dommar Sivert Amland blas av til pause stod det fem mål på tavla på Fosshaugane. Ein thriller av ein førsteomgang! 

Sogndal satsa i ellevill 2.omgang

Etter pause stilte Nikita Baranov til start for Kjetil Wæhler, mogleg eit forsøk å sikra eit meir offansivt forsvarspel i heimelaget. Trond Olsen inn for Stanisa Mandic i 60.minutt.

Sogndal kom best ut i starten av andre omgang, og køyrte eit høgt tempo, men MIF har god styring på ballen då dei får tid.

Då det nærma seg 70 spelte minutt fekk Schulze ein god sjanse frå 20 meter, men ballen gjekk over. Heimelaget var frampå i andre halvdel av andre omgang. Dei kjente utan tvil på at dei låg under og satsa alt.

MIF var snare å kontre og dei hadde eit viktig ressurs i nr.10 Olivier Occéan som lenge spelte i tippeligaen i Odd Grenland, ein sterk spelar som er god til å halde på ballen. 

Med nærare 10 minutt igjen på klokka trøkka Sogndal på og kjempa for utlikning. MIF raske med kontring, men dommar bles av for då Jensen ligg nede med hovudskade. MIF spelar Hansen rasande på dommaren.

Sluttminuttane var prega av bra spel av heimelaget, men dei sleit med lause avslutningar.

Fem minutt var lagt til. Sogndalspelarane verka å ville gjera det aleine og gløymde å spela ball. Mjøndalen gjer bytte, truleg for å dra ut tida. 

I siste minutt skyt Trond Olsen ballen i stanga, Birkelund er lynrask og sette ballen i mål på returen. Heimelaget utlikna 3-3. Sogndal får håpet.

Men på overtid kjem gjestane tilbake, og nyinnbytta Scriven sette ballen i nettet til Dyngeland, og stillinga enda 3-4 til Mjøndalen. 

 
 
Til toppen