DRAMATISK: To uheldige hendingar sette ein dempar for 17. Mai feiringa til russen i år. Foto: Eivind M. Øren
DRAMATISK: To uheldige hendingar sette ein dempar for 17. Mai feiringa til russen i år. Foto: Eivind M. Øren

Dramatisk avslutning for Årdalsrussen

Det var ikkje alt som gjekk som det skulle for russen på deira 17. Mai feiring.

Det vart ikkje ein like morosam 17. Mai feiring for årets russekull, då dei vart utsette for nokre uheldige hendingar undervegs i markeringa av nasjonaldagen. Russen beskreiv hendingane slik:

Då russen ankom torget på tradisjonelt vis i lasteplanet til Torstein O. Hæreid, var dei nokså slitne etter ei lang natt utan kvile. Ein av svartrussane vart litt utolmodig og valgte å hoppe over rekkverket, men hadde ein ring på ein finger som hekta seg fast i kanten russen haldt seg i. Resultatet vart at russen landa på bakken, medan ringen og fingeren den satt på blei røska av og hang att i planet. 

Russen vart snøgt etter henta i ambulanse og køyrd til Førde til behandling. Porten.no har vore i kontakt med foreldra til russen, som har bekrefta at fingeren ikkje var mogeleg å sy på att, men at russen er vaken og frisk elles.

President svimte av

Den andre hendinga skjedde under markeringa på Tangen, etter at russen hadde gått i toget i Øvre og køyrd ned på Tangen for å gå der. Før dei skulle gå på scena i Tangenhallen fekk svartrusspresidenten eit illebefinnande og mista bevissheiten.

Han vart henta av sine føresette og køyrd heim, og har, etter kva medruss kan melde, kvikna til. Han rakk derimot ikkje til Øvre for å halde talen sin der, så det vart ein improvisert, men vel motteke tale av svartrussen i år.

Til toppen