KLAR TALE: – Vi veit ikkje kvar sjukdommen kjem frå, nøyaktig kor mange dyr som er smitta, kor raskt den spreier seg og vi veit ikkje sikkert om den berre finst i Nordfjella. Likevel er det rett å sette i gang tiltak ut frå kva vi allereie veit.
KLAR TALE: – Vi veit ikkje kvar sjukdommen kjem frå, nøyaktig kor mange dyr som er smitta, kor raskt den spreier seg og vi veit ikkje sikkert om den berre finst i Nordfjella. Likevel er det rett å sette i gang tiltak ut frå kva vi allereie veit. (Foto: Arkiv)

MEININGAR

Dramatisk overreaksjon eller naudsynt tiltak?

– Skrantesjuke. Ein sjukdom som kan spreie seg til heile landet og vidare ut av Norge, viss vi ikkje gjer dei rette tiltaka no, skriv Karen Johanne Baalsrud, direktør for avdeling plantar og dyr i Mattilsynet, og Yngve Svarte, avdelingsdirektør i Miljødirektoratet i denne kronikken.

Meiningar: Kva tenker du på når vi seier Nordfjella? Vill natur? Turistperle? 2000 villrein? Truleg ein kombinasjon av alt. Her finn vi òg ein av dei mest alvorlege dyresjukdomane verda har sett. Skrantesjuke. Ein sjukdom som kan spreie seg til heile landet og vidare ut av Norge, viss vi ikkje gjer dei rette tiltaka no. Etter omlag 50 år med denne sjukdomen i Nord-Amerika er det framleis mykje vi ikkje veit, men dette veit vi:

  • Sjukdomen er 100 prosent dødeleg for smitta dyr.
  • Den kan ikkje bli behandla eller kurert, det finst ikkje vaksine. 
  • Det er aldri registrert smitteoverføring til menneske. 
  • Det finst miljøsmitte i terrenget i Nordfjella og smitta kan overleve lenge i planter og jord.
  • Utan tiltak vil smitta spreie seg, fleire dyr blir sjuke og vil døy etter store lidingar og vi vil miste sjansen til å bekjempe sjukdommen. 
  • Frå USA og Canada veit vi at innsats nyttar og at det er viktig å vere tidleg ute før smitta får breie seg ut.

Mykje er uvisst

Så er det alle spørsmåla vi ikkje har svar på. Vi veit ikkje kvar sjukdommen kjem frå, nøyaktig kor mange dyr som er smitta, kor raskt den spreier seg og vi veit ikkje sikkert om den berre finst i Nordfjella.

Likevel er det rett å sette i gang tiltak ut frå kva vi allereie veit. Etter to grundige vitskaplege rapportar og eit utal møter med fagekspertar og villreininteresser, beslutta landbruks- og miljømyndigheitene i fellesskap at villreinstammen i Nordfjella skal fjernast. 

Villreinstammen i Nordfjella lever relativt isolert. Sidan i fjor vinter er det patruljert og sett opp kilometer med gjerde for å hindre at dyr herifrå trekker til andre område.

Om det er mogleg å nå det ambisiøse målet om å ta ut heile stammen før neste sommar, er uvisst. Etter den utvida ordinære jakta i haust, skal Statens Naturoppsyn halde fram med uttaket utover vinteren. Etter nokre år utan rein i området skal nye og friske dyr få etablere seg. 

Forskjell på smittestoff og sjuke dyr

Det er ei mistyding at dette handlar om å finne dei få dyra som er sjuke. Dette handlar ikkje berre om det, men om å fjerne sjølve smittestoffet som forårsakar sjukdommen. Sjukdommen vil vi aldri bli kvitt dersom vi ikkje tek bort sjølve smittestoffet. Dessverre er det slik at så lenge flokken med villrein eksisterer, så eksisterer òg sjukdommen – fordi smittestoffet overlever gjennom rein som er smitta og miljøet reinen rører seg i. Ved å fjerne flokken og brakklegge området over ein periode, fjernar vi òg all kjent smitte.

Truleg er vi tidlig nok ute i smittesituasjonen til å kunne lukkast med det. Hvis vi venter for lenge vil smitta etter hvert spreie seg ut av området og da mistar vi sjansen til å bekjempe sjukdommen. 

I løpet av hausten får vi mykje ny kunnskap om skrantesjuka, både frå Nordfjella, områda rundt og faktisk frå heile landet. I år er så langt 11.000 prøver frå forskjellig hjortevilt undersøkte, blant dei 600 villrein frå Nordfjella. Av desse er kun fire dyr så langt funne positive. Det nyaste tilfellet blei varsla denne veka.

Vi har internasjonale forpliktingar når ein slik ny sjukdom blir påvist i Norge. Sjukdommar respekterer ikkje landegrenser. Norge stiller krav til at andre land handterer utbrot av smittsame sjukdommar på ein resolutt måte og andre land ventar det same av Norge. Det er naudsynt å prøve å hindre at sjukdommen spreier seg til Europa.

Det kan bli for seint

Avgjerda om å felle heile Nordfjella-stammen har vore vanskeleg og har blitt møtt med mange spørsmål, for eksempel om det verkeleg er naudsynt å felle 2000 dyr? Mange meiner at vi bør bruke nokre år på å ta ut stammen. Forskarane meiner vi bør skunde oss. Det at vi førebels finn så få smitta dyr, gjer at vi kan ha ein reell sjanse til å få bukt med sjukdommen.

Det finst alternativ til strategien som no er sett i verk, men ingen av dei scenarioa er spesielt gode. Vi kan velge å ikkje gjere noko. Over tid kan det skje eit naturleg utvalg så det blir bygd opp ein naturleg resistens mot sjukdommen. Den sjansen er derimot låg. Før dette vil dei fleste dyra uansett bli smitta og døy. Då risikerer vi at dei dyra som står att er så få at stammen ikkje vil overleve. 

Vi kan velge å kartlegge og teste meir før vi gjer noko, eller vente til vi veit mer om kjelda til smitta. Då vil smitta halde fram å spreie seg i flokken og terrenget, og i verste fall til andre delar av landet medan vi testar. Vi kan velge å fjerne flokken ved hjelp av vanleg jakt over fleire år. Det vil ta lang tid. Og smitta vil spreie seg vidare i terrenget. Jo lengre tid det går, jo meir smitte i miljøet og jo større er risikoen for at andre hjortedyr tek med seg smitta til andre delar av Norge. Vi kan ikkje utelukke risikoen for at smitta allereie har spreidd seg til andre hjortedyrbestandar.

Mange spør kva vi gjer hvis smitte blir påvist på Hardangervidda. Det er mange ulike scenario ved påvising andre stader enn Nordfjella. Dersom slik smitte finst, må vi gjere nye vurderingar. Uansett vil vi kjøpe oss tid ved å ta ut kjent smitte. Alle skal gjere det dei kan for å hindre smitte, ikkje berre jegerar. Jegarar søker nærkontakt med hjortedyr og må difor ta andre omsyn enn dei som berre ferdast i terrenget. Turistar og turgåarar må òg vere medvitne for å unngå å spreie smitte.

Over heile landet blir det no brukt store krefter på å kartlegge, teste, analysere og følge opp hjortedyr. Vi ville ikkje ha klart dette, hadde det ikkje vore for det krafttaket som blir lagt ned av lokal villreinforvalting, jegerar, kommunar og andre involverte. Miljødirektoratet og Mattilsynet jobbar saman om uttak og smitteverntiltak. Saneringa vi no er i gang med, er basert på ein plan som skal blir revurdert etter kvart som ny kunnskap kjem til. Svært mange gjer no ein ekstra innsats mot skrantesjuke og fortener honnør. Utan alle som bidreg ville ikkje målet vårt vore mogleg å nå. Vi jobbar for å ha ein frisk og berekraftig villreinstamme i Nordfjella om nokre år. Det har vi nemleg ikkje i dag.

Til toppen