Jotun/ÅTIL - Åsane: 14-21
ÅRDAL: Under 2. omgangen fekk Furebotn seg ein stygg smell i bakken og ambulansen vart raskt tilkalla. Etter kampen vart ho sendt til Lærdal sjukehus for undersøking.
– Det smalt kraftig i golvet og ho fekk seg nok ein sterk hjernerystelse, men det er diverre slikt som skjer, seier Olafur Sveinsson trenaren til handballdamene.
Les også: – Alltid noko å spela for
Siste heimekamp
Jotun/ÅTIL gjekk på endå eit tap, denne gongen mot topplaget Åsane i 3. divisjon torsdag kveld. Nedrykket til 4. divisjon har derimot vore eit faktum lenge.
Torsdagens kamp markerte også trenar Sveinsson sin siste heimekamp i Årdalshallen saman med handballdamene. Laget skal framleis spele to bortekampar til før sesongen er over.
– Det står verken i mine planar eller klubben sine at eg skal vere med vidare. Me spelar mot topplaget, sjølv om me tapte så syns eg jentene gjorde ein god figur i kampen.
Utradisjonelt forsvar
Jotun/ÅTIL skapte fleire gode sjanser på å kontra, noko dei ifølge Sveinsson ikkje har gjort før.
– Me stilte med eit litt utradisjonellt forsvar. Akkurat den biten lykkast me med. Diverre rotar me vekk ballen i sjølve kontringa, seier han.
Sveinsson meiner dei kunne scora sju til åtte mål til om jentene hadde klart å setja alle kontringane som dei fekk.
– Alt i alt var det ein positiv kamp. Me gjer ein bra jobb bakover og får til desse moglegheitene. Det er alltid noko ein kan gjere betre i angrepet, seier Sveinsson.
Målvaktene gjorde i periodar ein svært god jobb, men ellers fekk ikkje dei to så mykje å jobba med.
Bestemannsprisen
Trenaren er nøgd med at laget klarte å hindre topplaget Åsane med at dei ikkje fekk sett inn meir enn 21 mål.
– Det seier ein del om det gode forsvarsspelet vårt. Slik har me ikkje spelt før. Grunnen til at me valte ein annan taktikk var for å prøva ut nye spelarar under dei siste kampane våre og gi spelarane motivasjon til å testa ut nye ting, seier Sveinsson.
Det lykkast dei kjempebra med. Kveldens bestemannspris gjekk i dag, som mange gonger før, til Andrea Luggenes som scora fem mål.
– Eg syns ikkje berre Andrea var bana sin beste, men også Linn Løvdahl. Dei dreg begge lasset på kvar sin måte. Alle dei scoringane føretek seg er eit arbeid frå resten og eit lagarbeid. Når ein ser at fleire melder seg på, det er det viktigaste for meg, avsluttar Sveinsson.