ENKELT FOR FRAMTIDA: Filip Ihrsén, gartnar ved NMBU i Ås, har hatt ein stor del av ansvaret for plantane i Den enkle hagen. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix.
ENKELT FOR FRAMTIDA: Filip Ihrsén, gartnar ved NMBU i Ås, har hatt ein stor del av ansvaret for plantane i Den enkle hagen. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix.

Draumen om ein enklare hage

Vil du ha ein enkel hage, bør du planleggje godt. Val av plantar er ein viktig del av førebuingane, men langt frå alt.

– Det finst ikkje ein vedlikehaldsfri hage, fastslår gartnar Filip Ihrsén.

Han legg raskt til at du fint kan få til ein enkel hage der det blir minimalt med hagearbeid. Men luking, skjering, gjødsling og noko anna stell må du finne deg i å gjere no og då.

– Ein enkel hage gjer det enklare for deg – enkelt og greitt. Då er den største jobben alt du må gjere før hagen er klar, seier Ihrsén, som er gartnar ved Norges miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) i Ås.

Jord, vatn og sol

Studentar, landskapsarkitektar og gartnarar starta i fjor haust å byggje «Den enkle hagen» utanfor Meieribygningen, ei av dei mange freda bygningane ved NMBU i Ås. Nyleg blei hagen offisielt våronna for første gong.

Artikkelen held fram under biletet.

BAKHAGEN: Alliumane blomstrar fint no, midt i ein grøn «skog» av lågtveksande snøbærbusker, som utgjer den bakre delen av Den enkle hagen.
BAKHAGEN: Alliumane blomstrar fint no, midt i ein grøn «skog» av lågtveksande snøbærbusker, som utgjer den bakre delen av Den enkle hagen.

Ideen bak hagen vaks fram i samband med eit enkelt spørsmål: «Går det an å byggje ein hage som er tilnærma vedlikehaldsfri?»

– Vi har våga å prøve, og eg meiner vi har fått til ein svært lettstelt hage. Det er likevel lagt ned mykje jobb i grunnarbeidet, både med tanke på det harde underlaget og i beda, seier Filip Ihrsén.

Rundt beda i hagen er det eksempelvis brukt langsamt-rustande cortenstål som kantskilje. Mykje av hagen består dessutan av betongheller og brustein, med bere- og setjelag under.

VASSVEG: Dryppslange i beda gjev god kontroll med vatninga i ein enkel hage.
VASSVEG: Dryppslange i beda gjev god kontroll med vatninga i ein enkel hage.

Gartnaren frå Sverige strekar under at jord, vatn og sol er det viktigaste for vekstane i hagen. Han tilrår luftig og næringsrik jord fri for rotugras som kveke og skvallerkål.

– Mellom plantane er det lurt å ha eit organisk jorddekke av lauv. Dekket held mellom anna på fukta, gir næring til plantane og gjer det vanskelegare for frøugras som løvetann å få jordfeste. Under lauvlaget trivst marken, som er ein av bestevennene til plantane. Brunsniglar likar rett nok å skjule seg i eit slikt lauvdekke, så det kan hende du må plukke nokre sniglar frå eit slikt bed, seier Ihrsén.

Tettplanta og lågt

Blant råda for ein enkel hage er å unngå plantar som spreier seg fort, som akeleie og marikåpe. Ihrsén meiner ein heller bør gå for tettplanta busker og staudar som i lita grad spreier seg. Som bakgrunn i Den enkle hagen har han valt snøbærtypen «Arvid», ei busk som har fine, grøne blad på denne tida av året. Den blir cirka ein halv meter høg.

Over det grøne bladverket til snøbæra ragar to rogner, dei høgste plantane i hagen. Når dei raudoransje bæra kjem til hausten, blir dei til fuglemat. Bæra som fell ned, gir dessutan lite søl på bakken, i motsetnad til eksempelvis plommer.

– Og når blada fell av rognene, gir dei eit fint haustdekke til dei andre plantene, poengterer Ihrsén.

Han legger til at rogn er ein lettstelt art som ikkje blir så stor og høg, neppe meir enn ti-tolv meter i høgda.

Artikkelen held fram under biletet.

KVIT BLOME: Kosakkveronika er ein lettstelt og lågtveksande staude som blomstrar lenge i kvitt, fortel Filip Ihrsén.
KVIT BLOME: Kosakkveronika er ein lettstelt og lågtveksande staude som blomstrar lenge i kvitt, fortel Filip Ihrsén.

Elles har Ihrsén og dei andre NMBU-gartnarane stort sett valt lågtveksande plantar i litt ulike høgder, frå markkrypande fremst i beda til mellomhøg (maks éin meter) bakover i beda. Det gjer at plantane er lette å stelle og skjere når den tid kjem. Dei nest høgste plantane er allium, som har ein fiolett blome no, og prydgras. Når alliumane har blømt frå seg, skal dei skjerast langt nede på stilken. Prydgras skal også skjerast langt nede. Det gjer ein tidleg om våren.

Ingen fasit

Ingenting i hagen er overlate til tilfella. Det er for eksempel planta med tanke på sol- og vindforhold, og kva for ei sone av hardføre Ås oppheld seg i. Vatning skjer via dryppslangar som ligg i beda. Det er valt plantar som blømer på ulike tider av året. No er blomane kvite, lyseblå og fiolette, og til hausten går det over i rosa og mørk lilla.

– Det finst ingen fasit på korleis ein enkel hage skal sjå ut. Og plantar har jo ein tendens til å gjere som dei sjølv vil. Ein er aldri 100 prosent sikker på korleis dei vil vekse og trivst. Eitt eksempel på det er den svært herdige solbærspireaen «Little Devil», som vi planta i haust. Dei døydde utan at vi heilt forstår kvifor. No prøver vi igjen med nye plantar.

– Og kor enkel hagen eigentleg er, får vi sjå etter kvart. Men den er heilt sikkert mykje enklare enn hagen eg har heime, smiler gartnaren.

Slik blei hagen til

Det var Husqvarna – som først og fremst produserer hagereiskapar – som lanserte utfordringa om Den enkle hagen. Tilsette på Landskapsplanlegginga ved NMBU takka ja, og hagen har blitt til med bistand frå ei rekkje aktørar.

Artikkelen held fram under biletet.

DEN ENKLE HAGEN: Studentar ved NMBU var med på å lage til Den enkle hagen i fjor haust. No er den våropna for første gong.
DEN ENKLE HAGEN: Studentar ved NMBU var med på å lage til Den enkle hagen i fjor haust. No er den våropna for første gong.

Landskapsarkitektstudentar ved universitet deltok i fjor i ein konkurranse om korleis hagen skulle bli forma ut. Vinnarutkastet til studentane Edvard Bondi Knowles, Caroline Lytskjold, Long Nguyen, Mia Thun og Carol Wong blei kåra våren 2015. Og i august i fjor blei prosjektet igangsett med graving og fundamentering av den 260 kvadratmeter store hagen i parken utanfor Meieribygningen på Campus Ås. Det blei mellom anna laga ein støttemur av naturstein på to av sidene i hagen i det lett seiernende terrenget.

– Noko av det viktigaste grunnarbeidet er bere- og setjelaga for brustein og heller, som utgjer ein stor del av hagen. Det er brukt betongheller med ulik overflatestruktur, i tillegg til brustein av naturstein. Betonghellene har presise kantar, noko som gjer at det blir svært smale fuger der ugraset får liten plass til å boltre seg. Med brustein er det behov for større fuger, og der må ein rekne med å luke litt innimellom. Betonghellene er ganske lette å legge, og desse ville eg ha anbefalt i ein privat hage, seier Kirsten Lunde, landskapsarkitekt ved NMBU.

Hageanlegget skrår elles med 2 centimeter per meter ned mot parken – slik at vatnet renn mot grassletta nedanfor.

Les meir om hagen på NMBUs heimesider og denenklehagen.no. (©NPK)

Til toppen