BITTERT TAP: Det norske G17-landslaget er ute av EM. Foto: arkiv/Thomas Brekke Sæteren.
BITTERT TAP: Det norske G17-landslaget er ute av EM. Foto: arkiv/Thomas Brekke Sæteren.

Draumen om EM-kvartfinale brast mot Ukraina

Nytt tap i Kroatia for Johan Hove (16) og det norske G17-landslaget.

Kroatia: Johan Hove frå Sogndal spelte heile kampen på midtbana då det norske G17-landslaget tapte 0-2 mot Ukraina i den siste gruppespelskampen i EM.

Norge måtte vinne for å gå vidare til kvartfinalen, samtidig som England måtte slå Nederland i den same gruppa.

England vann 3-0, medan Norge altså ikkje greidde å gjere sin del av jobben.

Til toppen