SKYTTAR: Helene Johansen Vikøren har nådd eit av sine store mål. 18-åringen er utteken til EM på seniorlandslaget. Arkivfoto. 
SKYTTAR: Helene Johansen Vikøren har nådd eit av sine store mål. 18-åringen er utteken til EM på seniorlandslaget. Arkivfoto. 

Draumen om EM vart realitet

Skyttaren Helene Johansen Vikøren er utteken til EM på seniorlaget. 

Årdal: Helene Johansen Vikøren har lenge hatt eit mål om å vere med som senior i EM i luftrifle, og no blir denne draumen oppfylt.

23.februar fram til 28 februar skal ho vere med i EM i Ungarn.

- Det var veldig gøy å bli teken ut til EM. Dette er eit mål eg har hatt lenge, og det er sjølvsagt stor stas når eg klarar det, seier Vikøren.

Europameisterskap

Den unge skyttaren var med i EM i fjor, men då som junior. Ho fortel at det blir spanande å delta som senior for første gong i år.

- Det er ikkje vanleg å vere med på seniorlaget før ein er fylt 21 år, seier 18-åringen stolt.

Ho fortel vidare at sjølve skytinga er lik som på junior, men at nivået er høgare. Ho skal skyte saman med dyktige skyttarar, så opplevinga blir stor.

- Det kjem til å vere mange store skyttarar rundt meg. Dette er skytterar som eg har sett opp til, så det er veldig stort å vera på same lag som dei, seier Vikøren og legg til at ho gler seg veldig.

God støtte av familien

Familien er gode støttespelarar, og då spesielt pappa Rune Vikøren. Han er med på alle stemner og dette EM er intet unntak. Far sjølv er også skyttar, så hans gode råd er nok gode å ta med seg på vegen.

- Eg kjenner heile det norske landslaget til både junior og senior. I tillegg skal sjølvsagt pappa vere med, fortel Vikøren om turen til Ungarn.

Sesongen 2015

2015 var ein svært god sesong for Helene. Ho byrja skyttarsesongen med å vinne eit stort skytestemne i Tyskland, deretter vann ho NM. Ho har delteke på mange skytestemne og seinast i desember vann ho i Luxembourg.

- Sesongen 2015 var ein veldig fin sesong. Eg ser at det går framover og at resultata blir jamnare.

Ho fortel vidare at det var sesongen 2015 som stort sett var grunnen til at ho blei utteken til EM.

- Eg trenar jamt og trutt heile tida. Det har eigentleg gått i eitt med skytetreningar, ler Helene.

Også her er pappa Rune med, dei to har mange gode treningstimar bak seg, både heime og på skyterommet i Røti.

Vidare mål

Ho fortel at målet akkurat no er å prestere så bra som mogeleg i EM i Ungarn.

- Seinare i år er det OL i Rio. Det hadde vore stort å vere med der også, seier ho entusiastisk.

Ho legg til at det er eit veldig stort mål, så om ikkje OL blir ein realitet i år så går det heilt fint.

- Da blir neste mål OL i Tokyo i 2020.

Den unge skyttaren brukar desse måla som motivasjon når ho trenar.

- Eg likar å ha store mål å strekke meg etter, avsluttar ho. 

Til toppen