KUL JUL: I ei årrekke har Kul Jul vore eit høgdepunkt for Vokal- og dramaverkstad i Årdal. Instruktør Elisabeth Stewart Søvik drøymer om fullt hus. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 
KUL JUL: I ei årrekke har Kul Jul vore eit høgdepunkt for Vokal- og dramaverkstad i Årdal. Instruktør Elisabeth Stewart Søvik drøymer om fullt hus. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 

– Draumen vår er fullt hus

Elisabeth Stewart Søvik og elevane hennar øver til årets høgdepunkt for deira del – Kul Jul.

Årdal: I ei årrekke har Vokal- og dramaverkstad (VDV) i Årdal arrangert Kul Jul. Familiebedrifta som består av Elisabeth Stewart Søvik, mannen hennar Per Gunnar Søvik og sonen Scott har no travle dagar fram til julekonserten på laurdag.

– Dette er ei storsatsing for oss i VDV, der alle får vera med. Me inviterer også med oss gjester, og i år er første året me skal ha live musikk og ikkje noko playback, smiler Elisabeth, som er instruktør. 

Live-musikk for første gong

Med hjelp frå lokale musikarar som Tea Berg, Dora David og sonen Peti, Freek Ypma, Amalie Forthun Grøthe og ballettskulen håpar ho alle setene er sett i kulturhuset i Øvre Årdal.

Artikkelen held fram under biletet.

ØVING: Måndag var det siste øving for dei yngste elevane før julekonserten på laurdag.
ØVING: Måndag var det siste øving for dei yngste elevane før julekonserten på laurdag.

– Konserten er alltid gratis fordi me ønskjer at folk skal koma og høyra på. Me skal vere i kulturhuset, men eg har berre 20-30 elevar, så det er ei utfordring. Me har hatt rundt 100 publikummarar i snitt dei siste åra, og det er ikkje så gale, seier ho og legg ikkje skjul på kva ho drøymer om.

– Draumen vår er fullt hus. Tenk kor kjekt det hadde vore for desse ungane og ungdommane. 

– Ein hobby for oss

Ho har nett hatt siste øving med dei yngste og sit med ungdommane i VDV når Porten.no er innom lokalet midt på torget i Øvre Årdal. Det kjøpte dei for nokre år tilbake. 

Artikkelen held fram under biletet.

HOPP: «Og med sin kropp, han gjør et hopp». Velkjende julesongar blir å høyre i kulturhuset under årets Kul Jul.
HOPP: «Og med sin kropp, han gjør et hopp». Velkjende julesongar blir å høyre i kulturhuset under årets Kul Jul.

– Som du ser går det litt seint med oppussinga, men me har hatt litt luksusproblem fordi me er mykje ute og opptrer og det går litt ut over oppussinga. Me er ei familiebedrift og driv «non-profit». Det er ein hobby for oss, og eg håpar me kan innrede kjellaren også. No kan me øve her, og eg håpar dette er siste året det ser litt ut som ein byggjeplass, smiler ho.

Ønskjer seg fleire ungdommar

I dag har dei rundt 30 elevar med seg. Elisabeth legg ikkje skjul på at ho gjerne skulle hatt med seg endå fleire gutar og endå fleire ungdommar – og dei må gjerne ha interesse i drama.

– Men me konkurrer med idrett og mange tilbod, men eg må seie at me er heldige likevel for eg trur me har nokon av dei flinkaste vokalistane i Årdal her.

Til toppen