HUGS SOLKREM: Fredag og laurdag er det venta sol og opphaldsvêr i Indre Sogn. Biletet er frå Tyin. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen
HUGS SOLKREM: Fredag og laurdag er det venta sol og opphaldsvêr i Indre Sogn. Biletet er frå Tyin. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen

Draumepåskevêret kjem til helga

Her får du oversikt over påskevêr og snøskredfare i området. 

Seint onsdag og fram til torsdag er det venta kraftig bygevêr, som kan koma som snø. Det kan gi dårleg sikt for deg som skal krysse fjellovergangane  i området. Vakthavante meteorolog Kjersti Opstad Strand ved Vêrvarslinga på Vestlandet fortel at det kan legge seg 10-20 cm med snø fram til torsdag morgon. 

Oppdaterte trafikkmeldingar frå Statens vegvesen finn du her

Fjelltoppane i område kan onsdag og torsdag ha frisk bris opp til liten kuling, som vil minke på utover mot torsdag kveld. 

Godvêr i vente

Fredag er det venta pent vêr og minkande vind, med nokre glimt av byger frå morgonen. Det fine vêret held seg ut laurdag.

– Fredag og laurdag er nok vêrmessig ei draumepåske for dei fleste. Hugs å bruke solkrem då du lett kan få farge desse dagane, fortel Opstad Strand. 

Søndag er det meldt opphaldsvêr og rolege vindforhold, men for det meste skya. Måndag er det venta meir nedbør, elles like forhold som søndag. 

Vêret kan du sjekke på Porten.no

Moderat snøskredfare

Faren for snøskred i Sogn er moderat, på nivå to av fire. Det gjeld for onsdag og torsdag. Snøskredvarslinga oppmodar folk om å vera forsiktig i eller nært terrengfeller til nysnøen har stabilisert seg. Sjølv små skred kan dra ein lite skiløpar over ende. 

Birgit Rustad ved Snøskredvarslinga ventar ikkje større snøskred for Indre Sogn, men det kan bli nokre naturlege utløyste skred ettersom sola vil smelte dei øvre laga i snøen. Ho oppfordrar om å sjekke Snøskredvarslinga før ein legg ut på tur. 

Torsdag vil snøskredvarslinga, som publiserar dagleg, gjere ei vurdering for helga. 

Oppdater informasjon om skredfare frå varsom.no finn du her

Har du tips eller bilete? Send på e-post til tips@porten.no, på SMS med kodeord PORTEN [di melding] til 1963 eller ring oss på telefon 480 13 131.

Til toppen