TEIKNAR GODT: Jo Marius Bøyum fortel det teiknar til ein god sesong på Brævasshytta; han driv hytta saman med mora Gerd. Foto: Gunnar Veivåg
TEIKNAR GODT: Jo Marius Bøyum fortel det teiknar til ein god sesong på Brævasshytta; han driv hytta saman med mora Gerd. Foto: Gunnar Veivåg

Dreg gjester med bestemors hjortekjøtkaker og breutsyn

Brævasshytta er famileverksemda med stor F - tre generasjonar er i sving når dei sesongopnar 10. mai.

Fjærland: – Me satsar hardt på norsk, lokal mat. Hjortekjøtkakene er oppskrifta til bestemor. Ho har bikka nitti og er med av og til; når me produserer opp kjøtkakene og ho bidreg i oppvasken, seier Jo Marius Bøyum.

BESTEMORS: Slik ser det ut når bestemors hjortekjøtkaker blir produsert opp på Brævasshytta.
BESTEMORS: Slik ser det ut når bestemors hjortekjøtkaker blir produsert opp på Brævasshytta.

Saman med mora, Gerd, er han vertskap på Brævasshytta ved Bøyabreen i Fjærland. 

– Eg og ho mor driv i lag. Opplæringsperioden min er lang, eg veit ikkje heilt når den kjem til ende, men det er veldig greitt å vera to. 

– Teiknar til ein kjempesesong

Den spede starten på 1800-talet var ei lita hytte som Hotell Mundal bygde ved kanten av Bøyabreen. Den vart teken nedatt, men så bygde grandonklane til Jo Marius ei ny hytta på 50-talet. Den vart utvida og ombygd i 1993 til slik den framstår i dag med 100 sitje plassar inne og 60 ute.

– Uansett kvar ein sit har ein utsyn mot Bøyabreen. Kundetilfanget er både forbipasserande, grupper  som bestiller og veldig mange lokale som tek søndagsmiddagen eller ein stopp for å eta på tur mellom Sogndal og Førde hjå oss. At me har så mange lokale er svært kjekt.

10. mai opnar Brævasshytta og restauranten for sesongen; Bøyum har tru på at den blir bra.

STASELEG VITJING: Kronprins Haakon var innom i fjor.
STASELEG VITJING: Kronprins Haakon var innom i fjor.

– Dei teiknar til ein kjempesesong utifrå det me alt har av bookingar og marknaden generelt. Så håpar me at kronprinsen tek ein tur innom att. Han var her i samband med 25-årsjubileumet for Bremuseet i Fjærland i fjor. Slikt hjelp jo på.

Gjekk med eit halvt tonn sosekjøt i fjor

Og kundegrunnlaget er godt; fire dagar i juli månad for nokre sesongar sidan vart antal personar som kryssa ei bru mot Bøyabreen.

– 15 000 passerte brua på dei fire dagane. Ikkja på langt nær alle er jo innom oss, så hadde eg teke ei krone per bilete som vart teke av breen hadde me ikkje trengt å laga mat, humrar Bøyum.

For det er maten Brævasshytta har vorte kjende for; på menyen står, i tillegg til bestemor sine hjortekjøtkaker, mellom anna sosekjøt, hjorteburger, kald aure med diverse tilbehør, mellom anna med pesto på ramslauk frå Fjærland og rømmegraut.

– Me har jo denne hamburgaren og pommes friten også - ein del vil no ha det, så då må me tilby det. Men det er mykje meir stas å servera tradisjonsmat som fortel ei historie. Mange turistar vil ha skikkeleg norsk mat; i fjor gjekk det med over eit halvt tonn soseskjøt. Og me får mykje skryt av maten.

Artikkelen held fram under biletet

100 PLASSAR: Restauranten pynta til fest med kapasitet på 100.
100 PLASSAR: Restauranten pynta til fest med kapasitet på 100.

Ikkje bekymra for at breen forsvinn

I tillegg til servering har dei ein souvenirbutikk på Brævasshytta. Også her står lokale innslag sterkt.

LOKALT: Gründeren bak Bjoddn panneband er oppvaksen ikkje langt frå Brævasshytta, og har panneband til sals i souvenirbutikken.
LOKALT: Gründeren bak Bjoddn panneband er oppvaksen ikkje langt frå Brævasshytta, og har panneband til sals i souvenirbutikken.

– Mellom anna sel me produkt strikka i Fjærland og omegn og ikkje minst Fjærlandsskoen. Den er betre enn Aurlandsskoen, noko også ein fotterapeut har sagt - fordi den har hæl og er bygd opp inni, reklamerer Bøyum.

Så er jo spørsmålet; kor lenge er det ein bre å sjå på i Fjærland? Breane har som kjend minka mykje dei siste åra. 

Bøyum er ikkje veldig bekymra.

– Me ser at breen minkar, men det har gått att og fram i alle år. På 80- og 90-talet vaks breen så mykje at den ville ha begravd hytta etter kvart om den heldt fram å veksa i takten den gjorde deå - ifølgje glasiologar. No er ikkje eg glasiolog, men trass i at breen er mindre nedover, tykkjer eg den har vorte tjukkare i toppen i det siste.

Til toppen