KLAR OG SPENT: Olga Maria Garcia, dagleg leiar av Utla Kafé og Bar håpar tilbodet slår an. 
KLAR OG SPENT: Olga Maria Garcia, dagleg leiar av Utla Kafé og Bar håpar tilbodet slår an. 

Dreg til med kveldsope laurdagar

- Det blir skikkeleg spennande. Eg gler med som ei lita jente, seier Olga Maria Garcia, dagleg leiar av Utla Kafé og Bar. 

Komande laurdag er det for første gong klart for kveldsope på Utla Kafé og Bar i Øvre Årdal sentrum. 

Porten.no tok turen innom onsdag føremiddag for å høyre kva Garcia vil by kundane sine på laurdag. 

Heilaften

– Det blir tapasbuffet med ei blanding av kortreist- og langreist fingermat, før festkvelden fortsett med bandet "Hansen & Moen". Utover kvelden tek "DJs Tommy og Andreas" over musikken. 

Garcia fortel dei har snakka om å få til ein plass ein kan kose seg på kveldstid i lengre tid. 

– Eg synast Årdal treng dette, seier den daglege leiaren. 

Eit sakn

I lokalet sitt fleire kundar å nyt kaffi og ein prat. Sonja og Merete Øren er tydeleg ikkje klar over at Ulta Kafè og Bar startar med kveldsope laurdagar. 

VIL STILLE OPP: No lurar Merete Øren (frå venstre) og Sonja Øren på å samle ein gjeng for å reise på kveldsope laurdag.
VIL STILLE OPP: No lurar Merete Øren (frå venstre) og Sonja Øren på å samle ein gjeng for å reise på kveldsope laurdag.

– Dette trur eg har vore sakna, det er eit kjempetiltak, seier Merete Øren.

– Dette trur eg er eit tilbod som også fenger vår aldersgruppe, ikkje berre unge. Me har etterlyst eit slikt tilbod lenge. No må me verkeleg nytte oss og bruke tilbodet, seier Sonja Øren. 

Må bruke tilbodet 

Ved nabobordet sit også nokre damer.

– Kva synast det om at det no skal vera oppe laurdagskveldane?

– Dette er kjempeflott. Det er jo folk på Utla Kafè og Bar heile tida. Ein må ha noko å by på for å få folk til å komma. No må me vera flinke å bruke det, seier Anne Beate Sunde.  

– Det er kjekt at det no går an å rusle seg ein tur om ein kjem på det, utan at det treng å vera den store festen, legg Heidi Furebotn til. 

KJEM OM DEI ER HEIME: – Fredag er jo den nye laurdagen, derfor passar laurdag fint, seier Anne Beate Sunde (til høgre). Ho drikk kaffi med Heidi Furebotn.  
KJEM OM DEI ER HEIME: – Fredag er jo den nye laurdagen, derfor passar laurdag fint, seier Anne Beate Sunde (til høgre). Ho drikk kaffi med Heidi Furebotn.  
Til toppen