– Hugsar du alle dei flotte musikalane frå 70 -, 80 - og 90 - åra? Gjekk du å nynna på Edelweiss eller dansa til Abba? spør Kari Blåflat i Lærdal sonkgor.
Uansett om svaret er ja eller nei inneheld i alle fall konsertane Lærdal musikklag og songkora i Aurland og Lærdal tilbyr første dagane av april eit vidt spekter av musikalar.
– Ei minnereise du seint vil gløyma, seier Blåflat.
– Ei vitamininnsprøyting å gå våren i møte med
I løpet av konserten vil du høyra smakebitar frå mellom andre Porgy & Bess, Les Miserables, West Side Story, Sound of Music, Phantom of the Opera, Mama Mia og Chess.

Musikalsk ansvarleg, dirigent og solist er Suzan Erens, og multitalentet Inga Winjum vil presentera det heile.
– Du vil garantert finne noko du likar både for kropp og sinn, seier Blåflat
Konsertane blir haldne i Aurland samfunnshus søndag 2. april klokka 17.30 og i Storstova på Lærdalsøyri skule tysdag 4. april klokka 19.00.
– Så møt fram, folkens – og få ei vitamininnsprøyting å gå våren i møte med, seier Blåflat avslutningsvis.