INFISERT: Drikkevatnet i Naddvik er infisert av bakteriar. Østfold Energi jobbar no med å reinske heile nettet. Illustrasjonsfoto: Truls Grane Sylvarnes.
INFISERT: Drikkevatnet i Naddvik er infisert av bakteriar. Østfold Energi jobbar no med å reinske heile nettet. Illustrasjonsfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Drikkevatnet i Naddvik er infisert

Innbyggjarane i Naddvik må koke drikkevatnet sitt.

Naddvik: Det er Østfold Energi som eig og driftar fordelingsnettet her, men Årdal kommune tek prøvar av vatnet. Tidlegare denne veka fekk innbyggjarane melding om at drikkevatnet deira er infisert. 

– Den første prøven frå Årdal kommune påviste koliforme bakteriar, ikkje E. coli, understrekar Magne Netland i Østfold Energi.

– Verdiar av slike bakteriar er eit obs-varsel og kan tyde på at det er E. coli i nærleiken. Når Østfold Energi får eit slikt varsel, set me i gong tiltak umiddelbart.

Full oppreinsking

I første omgang stengte dei høgdebassenget i samråd med kommunen. Deretter spylte dei ut nettet frå alle endar. Abonnentane vart sjølvsagt varsla og fekk beskjed om å koke alt vatn, som dei no får frå Seimsdalen.

– Då det var gjort, tok ein nye vassprøvar som vart sendt inn til Sogn Lab. Då fekk ein påvist ein E. coli og to koliforme bakteriar, fortel Netland.

Det betyr at problemet mest sannsynleg ligg her.

– Det me gjer no, er å følgje vanlig prosedyre i slike tilfelle, det vil seie å drenere heile høgdebassenget og steame og klorbehandle det. Me tar ei skikkeleg oppreinsking før me fyller opp og tar nye prøvar. Me køyrer ikkje i gong noko før alle prøvar er normale, forsikrar han. 

Usikker på årsak

Når det gjeld årsaka til infiseringa, er dette noko dei forhåpentlegvis kan seia meir om etter reingjeringa, fortel Netland.

I mellomtida får innbyggjarane vatn frå Seimsdalen, som skal kokast sjølv om dette drikkevatnet ikkje er infisert. Arne Kjos i Årdal kommune kan stadfeste til Porten.no at prøvar av drikkevatnet på Årdalstangen og Seimsdalen viste ingenting.

Til toppen